Denne fjellhylla ovanfor Luster var nærmast ideell då St. Jørgen Stiftelse i Bergen på slutten av 1800-talet såg seg om etter ein høveleg stad til å byggje det som i mange tiår skulle verte eit av dei størst spesialsjukehusa for tubekuløse her i landet.
Tub-sjukehus vart helst kalla sanatorium, og på desse institusjonane likna behandlinga ofte meir på naturmedisinske kurar enn på skulemedisinske behandlingsformer.
Klostergodset på Selja gav grunnlag for fondet
Då St. Jørgen Stiftelse tok i ferd med å reise det svære bygningskomplekset høgt oppe i fjellsida over Luster, var det på mange vis slik at kapitalen som ein gong i tida vart investert frå vårt fylke i Bergen, vart ført tilbake til det fylket der fondet ein gong vart skapt. For då St. Jørgens Hospital for spedalske vart bygt i Bergen på 1600-talet, vart grunnfondet til dette henta frå bygder i Sogn og Fjordane, der mange gardar i mellomalderen høyrde til godset som klosteret på Seljeøya åtte. Særleg i Nordfjord, og delvis på synste Møre, hadde klosteret store eigedomar som dei hadde tiendeinntekter av. Sjå:
Klostergodset.
Desse midlane gjekk altså på 1600-talet inn i kampen mot det som då var den store folkepesten:
Spillsykja - eller spedalskhet - lepra på god latin. Over halvparten av alle spedalske i landet kom nemleg frå distriktet mellom Bergen og Møre - særleg frå kystnære bygder i Sogn og Fjordane. Sjå meir om utbreiinga:
Spedalsksjuka - lepra.
Etter at Armauer Hansen hadde oppdaga leprabasillen under mikroskopet, fann ein på kort tid medisinar og kurar mot sjukdomen. Ein sette også i gang opplysningskampanjar for å auke reinsemda, og ikkje minst auka reinsemd og bruk av isolat for dei sjuke slik at dei ikkje auka smittefåren, gav ei radikal betring.
Frå lepra-kamp til tuberkulose-kamp
Innan få år vart sjukesalane på leprasjukehusa i Bergen tømde. St. Jørgens Stiftelse hadde bra med midlar, og såg seg rundt etter nye oppgåver. Og dei mangla ikkje. For av ein eller annan grunn så fekk ein nett på denne tida i siste halvdel av 1800-talet ei enorm oppblomstring av ein ny folkepest - tuberkulosen.
Nett då ein tok til å få kontroll med spillsykja, breidde tuberkulosen seg som ei svart farsott over heile landet. Sjukdomen spreidde mykje sorg og tragedie, fordi den helst råka barn og ungdom. Kring 1900 var tuberkolosen skuld i nærpå fjerdeparten av alle dødsfalla i Noreg, og halvparten av dei døde var mellom 15 og 40 år. Ofte vart heile huslydar utrydda av tuberkulosen - eller tæringa - som den vart kalla fordi den åt opp vevet - spesielt i lungene.
Fem tub-sanatorier i Sogn og Fjordane
Frå slutten av 1800-talet og i åra framover tok det norske samfunnet det største krafttaket som nokon sinne er gjort innan helserøkta for å få bukt med folkepesten tuberkulose. På kort tid vart det bygt ei mengd tuberkulosesjukehus - eller sanatorier.
I tillegg til det store sjukehuset på Harastølen som skulle dekkje heile Vestlandet, bygde vårt eige fylke på kort tid fire tuberkulosesanatorier - i Askvoll (ligg ved stranda innanfor Askvoll sentrum), Sandane (noverande Gloppen sjukeheim), Lavik (seinare Lavik sjukeheim) og Lærdal (seinare Lærdal sjukehus).
Også i Måløy vart det bygt eit lite tuberkulosesjukehus midt i sentrum, på Midtgård. I Bergen vart Lungegården Hospital omgjort frå leprasjukehus til tuberkulosesjukehus.
Valet fell på Harastølen
Ved eit regjeringsvedtak i 1896 vart det avgjort at St. Jørgen Hospital skulle gå over frå leprasjukehus til å verte ein institusjon som skulle ta seg av "tæringssyge i Bergens Stift". Komiteen som skulle stå for omlegginga til tuberkulosesjukehus var samansett av medisinaldirektør M. Holboe, stadsingeniør i Bergen H. Daae og diakonisse Ellen Iversen. Dessutan var to frå tilsynsnemnda for St. Jørgen - overlege Klaus Hanssen og apotekar Johan Lothe med. Klaus Hansen leia komiteen, sidan det var han som hadde teke opp saka i 1891.
Dei henta inn framlegg frå ordførarar, legar og lensmenn kring heile Vestlandet om ein høveleg stad for eit nytt tuberkulosesjukehus. Det kom framlegg på ialt 70 lokaliseringsstader - frå Davik i Nordfjord i nord til Røldal og Etne i Sunnhordland i sør.
|
Seng på Harastølen i 1952. (Foto: Norsk Film/NRK) |
Ut frå teoriane som på den tida rådde om såkalla "immunitetssoner" mot tuberkulose - dvs. om tørt klima, høgde over havet osb. - vart Harastølen valt. Eigedomen låg under storgarden Fuhr i Luster. Staden ligg 500 meter over havet, og låg så vidt over nedre høgda for denne merkelege "immunitetssona".