|
Stårheim der dronning Ingrid og Arne skal ha halde til, er ættesetet for Stårheimsætta. (Foto: Ottar Starheim, NRK © 2003) |
Ingrid (ca. 1115 - ca. 1200) var norsk dronning ca. 1134-1136. Ho var gift med lendmann
Arne på Stodrheim, som var den fjerde ektemaken hennar. Ingrid var svensk prinsesse, dotter til kong Ragnvald av Gøtaland.
|
Dronning Ingrid. (Frå boka "Stårheimsdronninga" av Lars Myrold. Kunstnar: Inge Rotevatn.) |
Ho vart i 11-årsalderen tvangsgifta med prins Henrik Skadelår i Danmark og vart kronprinsesse der. Ho fekk fire søner med Henrik Skadelår, men han vørde Ingrid lite. Ho fekk ein son utanom ekteskapet med stormannen Ottar Birting frå Trøndelag.
Ville røme
Ingrid og Ottar planla å røme frå Danmark. Prins Henrik fekk vite om dette, fanga Ingrid og mishandla henne på det grovaste.
Vart norsk dronning
Etter at Ingrid vart skild frå Henrik Skadelår ved dom, gifta ho seg med den norske kongen Harald Gille og fekk dermed norsk dronningtittel. Dei fekk sonen Inge Krokrygg. Då Harald Gille vart snikmyrda, gifta Ingrid seg med ”gamlekjærasten”, lendmann Ottar Birting frå Trøndelag. I mellomtida hadde Ingrid greidd å få ein gut etter eit forhold til ein mann som heitte Inge Sneis. Men fordi Sneis var av lågare byrd enn Ingrid, vart det ikkje giftarmål mellom dei to. Også den tredje ektemaken Ottar Birting vart snikmyrda.
Gift med Arne på Stodrheim
I godt vaksen alder gifta så dronning Ingrid seg for fjerde gong - no med lendmann
Arne på Stodrheim. Han var i slekt med kongen Harald Gille og kalla seg difor Kongsmåg. Dessutan var han næraste rådgjevar til barnekongen Magnus og rådde over det store Stårheims-godset. Arne Kongsmåg og dronning Ingrid fekk tre søner: Inge, Filippus og
Nikolaus Arnesson, (baglarbispen), og dottera Margareta.
Drukna ved Rugsund
Dronning Ingrid omkom etter segna då ho som gamal hadde lånt bisp Nikolaus sitt skip ”Bokskreppa” for ei reise til Bergen. På retur til Stårheim vart "Bokskreppa" angripen av birkebeinarar ved Rugsund. Skipet vart senka og dronning Ingrid drukna.