SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Historia i Bremanger:

Sagnfjellet Hornelen

(Foto: Arild Nybø © 2003)
(Foto: Arild Nybø © 2003)
Hornelen kneisar loddrett opp frå skipsleia like vest for Rugsund, og vert med sine 860 meter rekna som den høgste sjøklippa i Nord-Europa.

Publisert 21.11.2003 12:25. Oppdatert 29.03.2004 13:48.
Hornelen er skapt av den same konglometrat-bergarten som resten av Ålfot-massivet er laga av dvs. gamal havbotn med forsteina avsteningar av sand og små og store steinar. På den framoverlutande toppen skal det vere ei revne i fjellet. Segna vil ha det til at sjøfolk fekk forbod mot å bruke skipsfløyta når dei passerte under Hornelen. Gjorde dei det, kunne vibrasjonen føre til at fjellstykket ramla ut og skapte ei flodbylgje.

Få fjell i Noreg er knytt så mange segner og mystikk til som Hornelen - eller Smalsarhorn som den vart kalla i norrøn tid.

(Foto: NRK)

Olav Trygvasson klatra i Hornelen

Den mest kjende segna om Hornelen fortel om kong Olav Trygvasson som klatra opp i fjellveggen og festa skjoldet sitt øvst i fjellveggen. Då ein av hirdmennene freista å klive opp for å hente skjoldet, gjekk han seg fast og kom seg ikkje ned.
Då skulle Olav Trygvasson ha klive opp, teke mannen under eine armen og berga han trygt ned.

Heilag Olav og trollkjerringa i Hornelen

Øvst oppe på Hornelen reiser Juratinden seg. Den har skap som ei jygr (trollkjerring) med ein unge under armen. Segna fortel at dette er jygra som Heilag Olav mante til stein ein gong han kom seglande så hardt framom at han kløyvde frå fjellet ei mektig steinblokk som datt ned og vart liggjande som det vi i dag kjenner som Marøyna.

Ein annan segnvariant seier at Marøyna ein gong var landfast med Bremanger, men Heilag Olav baud fjellet å dele seg slik at han kunne segle rett fram. Slik vart Marøyna skild fra som eiga øy. Ei liknande segn om fjellet som deler seg for Heilag Olav, finn vi i Korssund - sjå: Krossen i Korssund.

Hornelen sett frå Rugsundøy. (Foto: NRK)

Heksene dansa på Hornelen

Saman med fjellet Vora i Breim (sjå: Heksene på Vora), er Hornelen det mest kjende
"heksefjellet" i Sogn og Fjordane. Her ville overtrua ha det til at heksene samlast til fest både julenatta og jonsoknatta for å danse og halde fest saman med Fanden.

Hornelen i norsk dikting

Det majestetiske fjellet ved skipsleia har vorte flittig omskrive av diktarar og i reiseskildringar.

I gamle kjempeviser om Heilag Olav vert det dikta om trollet som ropa frå bergveggen når kongen segla framom:

Seg, du mann med kvite skjegg,
kvi sigle du so min bergvegg?

Olav svara:

Statt, troll, no ævleg der i stein,
so gjer du ikkje folki til mein.

I 1651 skreiv J. L. Wolff i verket "Norrigia Illustrata":

(Foto: NRK)
"Sidst udi Bergenhus Stift hos den Havn Horn staar der en meget forfærdelig høi Klippe, Horninde kaldet, som em spitz Spir op i Væyrit, som Ingen kand komme op paa eller viude høiden paa, og det sjunis, at Skyerne bryde derpaa, og som Ingen kand vide samme Klippes Høide, saa er og Vandet his Klippen usannsynligt dypt, og her hos denne Klippe endis Bergens Stift".

Diktarpresten Claus Frimann og broren P.H. Frimann dikta hyllingsdikt til Hornelen.

Kristian Bing kleiv den bratte ruta

I 1897 vart den bratte fjelleveggen klatra rett opp av den kjende fjellklatraren Kristian Bing frå Bergen. Han var i fylgje med den lokalkjende Anders J. Hunskår frå Skatestraumen. Bing er elles kjend som fjellklatrarpionér i Jotunheimen og kring Jostedalsbreen, og i Ålfot-fjella.

(Foto: Arild Nybø © 2003)


MEIR OM BREMANGER 
Bremanger kommune

 
Aviser og media i Bremanger
Historia i Bremanger
Industri og næring i Bremanger
Kjende personar i Bremanger
Kommunehistoria i Bremanger
Krigshistoria i Bremanger
Kyrkjer i Bremanger
Samferdsle i Bremanger
Skular i Bremanger
Verd å sjå i Bremanger

 
Video frå Bremanger
Lyd frå Bremanger
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no