|
På Knutholmen er framleis bygningane etter Melstvedt og Lesøe sentrale element. (Foto: Arild Nybø © 2003) |
Johannes Melstvedt frå Hardanger vart frå 1867 den sentrale handelsmannen i fiskeværet
Kalvåg. Han dreiv landhandel, dampskipskai, fiskeeksport og fraktebåtar. Melstvedt var utlærd smed og dreiv difor også smedforretning og skipsbyggeri.
Svikt i fisket gjorde at han gjekk konkurs i 1873. I 1876 drukna Johannes Melstvedt ved Ånnevika.
Enkja tok over i Kalvåg
Enkja Ranveig Melstvedt tok over forretningane i Kalvåg og dreiv til sonen Johan tok over i 1894. Familien kjøpte opp fleire eigedomar og vart etter kvart eigarar av det meste av det som no er Kalvåg sentrum.
Bygde tranbrenneri
I 1899 starta Johan Melstvedt og Bernt P. Frøyen tranbrenneri på Kalvøyna på sørsida av vågen.
Kjøpte største saltebuda
I 1917 kjøpte han saman med Andreas Strømmen den største saltebuda i Kalvåg av Ivar Karlsen. Karlsen kom frå Hardanger i 1910 og bygde opp ei stor fiskeforretning på Kalvøya der Domstein-anlegget ligg i dag.
Blei millionær
Johan Melstvedt slo seg opp til millionær under jobbetida kring 1. verdskrig, men fekk problem i dei vanskelege 20-åra. Eigedomane i Kalvåg vart selde på tvangsauksjon i 1932. "Karlsen-buda" på Kalvøya gjekk over til
Bremanger Spareforening som seinare selde til den kjende rutebåteigaren og fiskeeksportøren
Kristoffer Hovden. Hovden var den største fiskehandlaren i Kalvåg i dei store sildeåra på 1950-talet.
Lepsøe vart reiar
Torstein Lepsøe kom til Kalvåg kring 1860 og vart gift med Brita Melstvedt, dotter til Johannes Melstvedt. Lepsøe vart jekteeigar og fiskebåtreiar og dreiv fiskemottak, sildesalting og eksport frå budene sine i Kalvåg. I eit tilbygg til fiskebuda dreiv han landhandel og hotell med kafé. – Sjå også
Abraham Sørbotnen. Kaféen vart nokre år fram til 1933 drive av Samson og Inga Jensson.
Røys Preserving
Audun Røys tok over eigedomane etter Torstein Lepsøe og dreiv både handel, fiskekakeproduksjon og ein hermetikkfabrikk - Røys Preserving - som i krabbesesongen kunne sysselsetje opptil 32 personar.
Framleis synleg
Dei gamle bygningane etter Melstvedt og Lepsøe-folket er i dag sentrale element i gjestgjevarstaden på
Knutholmen, eigd og driven av
Svein Inge Fosse.