Industrialiseringa og den sterke folkeauken i dei norske byane i siste halvdel av 1800-talet, gjorde det naudsynt for bøndene og organisere seg i samyrkelag som kunne samordne leveransane av jorbruksprodukt til byane, og samstundes sikre bøndene stabile prisar og trygge oppgjersformer.
På landsbasis vart det skikkeleg fart i bondesamyrket etter at Fjaler-mannen
Theodor Landmark fekk skipa Norsk Landmannsforbund (seinare Norges Bondelag) i 1896.
Heilt frå starten av dei ulike produksjons- og salsledda i jorbrukssamyrket, har den lokale strukturen i stor mon vorte styrt av statlege tilskotsordningar.
Meieribruket var først ute med samyrketiltak. I dag er alle meieria i fylket ein del av Tine Meieriet Vest BA, som er skipa ved samanslåing av Tine Meieriet Vest og Tine Vestlandsmeieriet.
Nest etter meierisamyrke, vart "Felleskjøpet" det neste, store samyrkesteget i landsdelen.
Den viktigaste samyrkeorganisasjonen for bøndene på Vestlandet, vart likevel Vestlandske Salslag, som vart skipa i 1920. Kring 1990 gjekk Vestlandske Salslag bort frå å marknadsføra produkta sine under VS-logo og gjekk over til den nye logoen for Norsk Kjøtsamvirke; Gilde.
I 2002 gjekk Vestlandske Salslag inn i Gilde-konsernet.