Den første større meieriorganisasjonen var Den Nordenfjeldske Meieriforening i Trondheim. Norske Meieriers Eksportlag vart skipa i 1928. Seinare skifta dette namn til Norske Meieriers Salgssentral.
Etter at Sogn og Fjordane Landhusholdningsselskab frå 1871 tok til å yte støtte til meieribygg, kom det på få år opp ei mengd lokale meieri i fylket - dei første i Vik og Hafslo i 1874. I 1905 vart det registrert 79 meieri i Sogn og Fjordane. Berre i Jølster kommune åleine var det 26 meieri i drift!
Grendameieri avløyste av "bygdemeieri"
Frå 1917 og utover 1920-talet vart dei små bygdemeieria avløyste av større meieri med vidare omland. Bygder som ikkje var knytte til meieri, organiserte seg i smørlag som samla inn heimekinna smør for omsetning til kjøpmenn i Bergen.
Men framleis var meieristrukturen basert på at den einskilde bonde stort sett kunne frakte mjølka til meieriet med hest og vogn sjølv. Det einaste større meieriet i mellomkrigstida var Høyanger Meieri, bygt i 1932. Dette meieriet hadde over 200 leverandørar i ytre Sogn.
Mjølkebilar og regionmeieri
I åra etter 2. verdskrig slo bilen for alvor igjennom som varetransportør. Mjølkebilen la grunnlaget for ein ny sentraliseringsrunde. Det vart bygt store meieri som kunne ta imot mjølk frå eit omland som gjerne kunne strekkje seg over fleire kommunar. Slike meieri vart m.a. bygde i Måløy, Nordfjordeid, Stryn, Sandane, Byrkjelo, Førde, Bygstad, Florø, Vik, Sogndal og Årdal.
Som det første i fylket, innførte Nordfjord Meieri i Stryn gardstankar og tankbilhenting av mjølk i 1970. På få år hadde tankhentinga utkonkurrert dei gamle mjølkespanna over heile fylket.
Stormeieri for heile fylket
På 1990-talet kom ein ny og radikal sentraliseringsrunde som førte fram til at så godt som all konsummjølka frå Sogn og Fjordane frå 1996 vert levert til stormeieriet på Byrkjelo - sjå:
Meieristrid og bygdespenningar og:
Landbruket i Gloppen. Anlegget kosta 55 millionar kroner, og etter utviding for 180 millionar kroner, som m.a. omfattar osteproduksjon, får anlegget kring 80 tilsette.
I dag er alle meieria i fylket ein del av Tine Meieriet Vest BA, som er skipa ved samanslåing av Tine Meieriet Vest og Tine Vestlandsmeieriet. Dette siste bygde eigne meieri i Askvoll (sjå:
Meieria i Askvoll) og Bygstad (
Bygstad Meieri), og har elles teke imot det meste av mjølka frå ytre Sogn. Det øvrige fylket vart i ein kort periode på 1980-1990-talet organisert i Sogn og Fjordane Meieri.
I 2003 er "Vestlands-avdelinga" med sine 10 anlegg og omlag 780 tilsette ein del av den landsomfattande TINE Gruppa - skipa i 2002. Tine Meieriet Vest har 4.900 leverandørar av landets samla tal på kring 20.000 mjølkebønder.
Forutan stormeiereiet på Byrkjelo, har Tine Meieriet Vest i 2003 produksjonsavdelingar i Vik (sjå:
Gamalosten frå Vik), Bygstad og Førde (
Førde meieri). Dei to siste vert lagde ned når osteproduksjonen ved det utvida anlegget på Byrkjelo kjem i gang.