SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Historia i Sogn og Fjordane:

Gilde Vest

Den viktigaste samyrkeorganisasjonen for bøndene på Vestlandet, vart Vestlandske Salslag, som vart skipa i 1920.

Publisert 05.12.2003 12:06. Oppdatert 05.12.2003 12:07.
Opptaket til dei første bondeigde fellesslakteria vart gjort på Austlandet på 1880-talet, men det første som hadde noko omfang, var Kristiania Svineslakteri som vart skipa i 1890. På Vestlandet var Ålesund først ute med Møre og Rauma Slakteri, bygt i 1899, men lagt ned i 1905.

Vestlandske Salslag vert skipa

Opptaket til det som seinare vart Vestlandske Salslag vart gjort i 1916, men det gjekk treigt fordi bøndene ikkje kunne godta vilkåra om leveringsplikt til laget.

Det var først då Førde-mannen Olav Karstad vart Vestlands-sekretær for Bondelaget at det vart framdrift i saka: Han la ut på talarferd for å overtyde bøndene om føremonene ved laget - som ikkje berre kravde leveringsplikt av dei - men samstundes gav dei rett til å bli av med alt kjøtet gjennom laget. - Altså både føremoner med "leveringsrett", men også "ulemper" ved å godta leveringsplikt i staden for å spekulere i leveransar til den som baud mest for varene.

Dette løyste knuten, og den 12. august 1916 møttest 120 utsendingar i Bergen for skiping av Vestandske Salslag. På kort tid tok VS kontroll over storparten av kjøtomsetninga i landsdelen.

I den første tida vart laget også kalla "bondesamsalet". Frå 1920 til 1969 dreiv VS engrosomsetnaden av slakt i Bergen frå Bergen Komm. Slaktehus A/S. Frå 1969 har dette skjedd frå laget sitt eige anlegg i Eidsvåg.

Slaktinga vert organisert

Den første organiserte slaktinga som VS stelte i stand i mellomkrigstida, var slaktelag som kom i gang frå 1923. VS lærte opp lokale slaktarar som reiste frå gard til gard og slakta "på gamlemåten". På det meste var det 60 slike slaktelag i drift på Vestlandet.

I einskilde bygder vart slaktinga samla i enkle, små "slaktehus" som t.d. ved dampskipskaia på Steinen i Førde.

Dei første slaktehusa

Det første VS-slaktehuset av noko storleik vart bygt i Øystese i Hardanger i 1930. I ein landsplan frå Norges Kjøtt og Fleskesentral i 1934 vart det lagt opp til bygging av sesongslakteri i Flåm, Lærdal, Førde, Eid, Etne og Kvinnherad. Slakteria i Lærdal og Flåm kom i drift i 1935-1936, Førde i 1941, men krigen og endra planar sette ein førebels bom for noko slaktehus i Eid. I Nordfjord vart i staden det første mellomstore slakteriet bygt på Sandane i 1958. Dette vart gjort av taktiske grunnar for å demme opp for private slakteriplanar i distriktet.

Regionslakteria kjem

Men slakteriet på Sandane fekk kort levetid, og vart lagt ned etter berre 6 års drift fordi ideen om store regionslakteri no gjorde sitt inntog.
Det første av desse store slakteria var Sogn Slakteri, som vart bygt i Sogndal i 1956.

Slakteristriden i Nordfjord

Nordjord Slakteri vart bygt på Nordfjordeid i 1963 etter hard lokaliseringsstrid med innfjordingane, som braut ut og bygde sitt eige Nordfjord Kjøttindustri (Nordfjord Kjøtt).

Regionslakteri Sunnfjord

Sunnfjord fekk sitt regionslakteri i Førde i 1964 - også her etter lokaliseringskamp mot Dale.

Storslakteri for heile fylket

Fram til 1980-talet var slakteristrukturen i Sogn og Fjordane uendra. Men etter ny og hard strid vart det vedteke å byggje storslakteri på Reset i Førde, no: Vestlandske Salslag i Førde. Dette stod ferdig i 1984 og tok over mykje av slaktinga og produksjonen frå regionslakteria i Sogndal og på Nordfjordeid. Begge desse slakteria har sidan vorte gradvis nedtrappa. Nordfjord Slakteri mista den siste produksjonen av spekemat og pinnekjøt i 2003 og vart lagt ned, medan Sogn Slakteri framleis har produksjon av ein del spekematprodukt.

Vestlandske Salslag vert Gilde Vest

Men også det relativt nye storslakteriet i Førde har fått merke den hardhendte rasjonaliseringa og sentraliseringa: I 2000 mista anlegget den viktige kjøtkakeproduksjonen, og fekk redusert bemanning.

Kring 1990 gjekk Vestlandske Salslag bort frå å marknadsføre produkta sine under VS-logo og gjekk over til den nye logoen for Norsk Kjøtsamvirke; Gilde.

I 2002 gjekk Vestlandske Salslag inn i Gilde-konsernet. Dette vert sentralt styrt frå Oslo, men har eit hovudstyre som også har fast representant i dei lokale styra - m.a. for Gilde Vest. Gilde-konsernet omfattar elles Gilde Felleslakteriet og Gilde Hed-Opp - begge på Austlandet - Gilde BS (tidlegare Bøndenes Salgslag) i Trøndelag, og Gilde NNS (tidlegare Nord-Norges Salgslag).

Hovudside:
· Bondesamyrket på Vestlandet


MEIR OM SOGN OG FJORDANE FYLKE 
Sogn og Fjordane fylke
Fakta om Sogn og Fjordane

 
Fylkesordførarar og fylkesrådmenn
Milestolpar i Sogn og Fjordane fylkeskommune
Statlege institusjonar i Sogn og Fjordane

 
Lyd frå Sogn og Fjordane fylke
Video frå Sogn og Fjordane fylke
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no