Vart i mange år trykt i Holvik og Fagerlids Aksidenstrykkeri, skipa 1918.
Fjordenes Tidende vart på 1990-talet overteke av Orkla Media, som i 2006 vart seld til det britiske mediekonsernet Mecom.
Redaktørar før 1945
K. B. Hagen var redaktør fram til 1913, O. Olsen var mellombels redaktør ein kort periode til
Gabriel Bruvoll vart redaktør i 1913 til 1929, då han vart avløyst av J. M. Steffensen. Bruvoll kom tilbake som redaktør 1932-1937. Anders Oppedal var mellombels redaktør i 1937.
Styrt redaksjonelt av styret
Elles vart avisa styrt redaksjonelt i lengre periodar av styret. Under krigen var faktor Harald Fagerlid redaktør i nokre periodar.
Redaktørar etter 2. verdskrig
Sidan 1945 har desse vore redaktørar: Harald Fagerlid - 1954, Paul Otto Johnsen 1954-1957, Georg Sørbø 1957-1963, Thor Osland 1963-1965, Per Gunnar Larsen 1965-1990, Kåre Furnes 1990-2000, Gustav-Erik Blaalid 2000-2001 og Erling Wåge frå 2001.