SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Samferdsle i Aurland:

Ferdsla på fjorden i Aurland

Flåmsekspressen trafikkerer Nærøyfjorden og Sognefjorden. (Foto: NRK)
Flåmsekspressen trafikkerer Nærøyfjorden og Sognefjorden. (Foto: NRK)

Isvanskar i Nærøyfjorden

Dei store vassdraga i Aurland, Flåm og Gudvangen sender store mengder ferskvatn ut i dei tronge fjordane og får isen til å leggje seg tjukk langt utetter.

Publisert 10.12.2003 15:17. Oppdatert 25.01.2007 11:06.

Aurlandsvangen

fekk rutestopp av Fylkesbaatane i 1859, men ekspedisjonen dei første åra gjekk føre seg med båt ute på fjorden ved Underdal. Først i 1874 hadde Aurlandsvangen fått kai som fylkesdampen kunne leggje til. Aurlandsvangen var på denne tida ein av dei største tettstadane i fylket.

Flåm - turisthamna framfor nokon

I 1997 vart det registert over 143.000 passasjerar med ferje og passasjerbåtar over Flåm. Flåm er i dag ei av dei store cruisehamnene på Vestlandet.

Turistruta Voss-Gudvangen-Lærdal

Gudvangen fekk rutestopp av Fylkesbaatane i 1862. Trafikken over Gudvangen tok seg sterkt opp då jernbanen Bergen-Voss opna i 1883. Etter at tunnelane mellom Flåm og Gudvangen opna, har bilferjene nordanfrå Lærdal og Kaupanger berre gått til Gudvangen.

Undredal

fekk rutestopp i 1859, men lenge vart båten ekspedert ute på fjorden (sjå også Aurlandsvangen lenger oppe). Bygda fekk skikkeleg kai i 1911. Ekspedisjonen vart lagt ned i 1992.
Undredal. Foto NRK

Styvi

fekk rutestopp i 1862.
Styvi ca. 1870. Foto: K. Knudsen

Dampskipskai på Vangen

i 1874, og i 1878 i Flåm.

Bakka

fekk rutestopp frå 1899.

Dyrdal

søkte om rutestopp første gong i 1906, men fekk ikkje fast anløp av Fylkesbaatane før i 1924. Bygda fekk skikkeleg kai i 1926, då ein feira opninga med salutt, kaffi, landsøl og mylsa! I 1919 fekk eit aksjelag i bygda bygd ein liten motorbåt som heitte ”Dyrdølen” og som vart nytta til transport og skysstrafikk til bygda. Det var Ole Jensen Dyrdal som bygde ”Dyrdølingen”. Sonen Bottolf tok opp båtbyggjartradisjonen og bygde meir enn 70 båtar.

Motorbåten "Purka" var den første motorbåten i Indre Sogn, kjøpt av Botolv Styve i 1909.

MEIR OM AURLAND 
Aurland kommune

 
Historia i Aurland
Industri og næring i Aurland
Kjende personar i Aurland
Kommunehistoria i Aurland
Krigshistoria i Aurland
Kyrkjer i Aurland
Samferdsle i Aurland
Skular i Aurland
Verd å sjå i Aurland

 
Video frå Aurland
Lyd frå Aurland
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no