SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Samferdsle i Aurland:

Vegar i Aurland

Stalheimskleiva. Foto: K. Knudsen
Stalheimskleiva. Foto: K. Knudsen

Gamle driftevegar i Aurland

Frå 1700-talet og fram til 1. verdskrig var fehandel ei stor næringsgrein for folk i Aurland og Flåm.

Publisert 10.12.2003 15:25. Oppdatert 30.01.2007 08:10.
Ein av dei viktigaste driftevegane mot Austlandet gjekk gjennom Aurlandsdalen. Før dampskipskaia på Vangen var ferdig i 1870, vart feet skuva overbord ute på fjorden og symde i land før drivinga opp dalen. Også gjennom Flåmsdalen gjekk det store fedrifter opp mot Myrdal og høgfjellet.

Postveg og skyssplikter

Då poststellet i Noreg vart organisert i 1647, gjekk posten mellom Oslo og Bergen over Voss og Gudvangen.

Vegen Bakka – Gudvangen

vart bygd i 1856 og avløyste då den gamle stien som postførarane hadde nytta langs fjorden.

Bru over Aurlandselvi

Onstad-Vangen i 1870.
Brua over Aurlandselvi på 1870-talet

Veg gjennom Flåmsdalen

bygt som anleggsveg til Bergensbane-anlegget, og ferdig 1898.

Ny veg til Vassbygdi

1923 på nordsida av Vassbygdevatnet, til erstatning for sti på sørsida, eller båt.

Veg Flåm-Aurland

1920, med ny bru over Aurlandselva i 1926.
Buss i Aurland sentrum på 1980-talet. (Foto: NRK)

Mislukka veganlegg Flåm-Undredal

I 1957 vart det starta bygging av veg langs stranda frå Flåm til Undredal. Vegen skulle verte nærpå 13 kilometer lang. I tillegg til å gje Undredal vegsamband til Flåm og kommunesenteret Vangen, meinte ein at vegen kunne kople trafikken over Flåmsbana til ei isfri hamn i Undredal.
Vegen hadde difor status som fylkesveg, og anlegget vart drive som eit sysselsetjingstiltak for arbeidslause. Anleggsarbeidet gjekk frå begge sider, og det vart bygd kring 600 meter veg før det vart stogga i 1959. Ei medverkande årsak til at anlegget vart stogga var at ein 20 år gamal arbeidar fekk ei steinblokk over seg og omkom.

Veg til Drægo

I 1960 vart det bygd køyreveg frå Dyrdal og opp dalen til garden Drægo.

Fjellvegen Lærdal-Aurland

vart bygd 1967. Vegen har fått status som nasjonal turistveg, og på utsiktsplattforma ved Stegastein får ein eit svimlande utsyn mot Aurlandsfjorden og Vangen.
Fjellvegen mellom Aurland og Lærdal. Foto: Bjørn Andresen


Vegplanar Aurland-Ål alt i 1856

Då stamvegplanane kom opp med full tyngde på 1980-talet, var det slett ikkje første gongen at nokon tenkte på Aurlandsdalen som eit framtidig hovudsamband mellom aust og vest: Alt i 1856 hadde telegrafdirektør Nielsen lansert tanken om ein veg frå Voss, gjennom Raundalen til Flåm og vidare gjennom Aurlandsdalen til Ål i Hallingdal. Ein ”biveg” skulle så gå over Myrdal og Hallingskeid og kome inn att på hovudvegen gjennom Aurlandsdalen ved Geiteryggen.

Vegen gjennom Aurlandsdalen vart bygt på 1970-talet. (Foto: NRK)

Heilårsveg gjennom Aurlandsdalen

Heilårsvegen gjennom Aurlandsdalen mot Hol vart bygt i samband med den store kraftutbygginga i Aurland på 1970-talet.

Stamvegen Bergen-Oslo gjennom Aurland

"Filefjells-alternativet" Lærdal-Valdres vann, og vart eit ferjefritt heilårssamband Bergen-Oslo med opninga av Lærdalstunnelen i 2000.

Lærdalstunnelen - verdas lengste

Verdas hittil lengste vegtunnel - Lærdalstunnelen (24.510 meter) - vart opna i november 2000 av H.M. Kong Harald V.

MEIR OM AURLAND 
Aurland kommune

 
Historia i Aurland
Industri og næring i Aurland
Kjende personar i Aurland
Kommunehistoria i Aurland
Krigshistoria i Aurland
Kyrkjer i Aurland
Samferdsle i Aurland
Skular i Aurland
Verd å sjå i Aurland

 
Video frå Aurland
Lyd frå Aurland
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no