Her er nokre av laga og organisasjonane i Aurland tekne med.
Skipa midt på 1880-talet, truleg i 1886 med lærar Lasse Bjordal som første formann, og med sokneprest Eilert Patrick Juell som ei bærande kraft gjennom dei første 30 åra.
Underdal Ungdomslag
vart skipa i 1906 og bygde ungdomshus i 1926. I samband med at bygda kravde vegutløysing i 1979 laga ungdomslaget revy som dei turnerte med i sognebygdene og Oslo.
Aurland Idrettslag
vart skipa i 1921. Det er også idrettslag i Flåm og Gudvangen.
|
Fotballaget i Flåm i 1923 |
Aurland Musikklag
vart skipa i 1928 etter opptak frå
Aurland Ungdomslag, som kjøpte inn dei 10 første instrumenta. I 1945 vart Aurland Juniormusikklag skipa, og i 1953 eit gutemusikklag. Dette var forløparen til dagens skulemusikk. Musikklaget fekk også eit eige støttelag - "Musikkens venn" i 1952.
|
Aurland Musikklag i 1960 |
I Aurland er det stor aktivitet i dei mange skyttarlaga.
Skipa i 1929, og fekk overta den gamle lensmannsstova på Onstad frå Aurlandsfallene AS og bygde der opp "Sivlesamlinga".
Aurland Fråhaldslag vart skipa i 1886.
Men alt på 1840-talet var det starta ei "måteholdsforening" i bygda.
Aurland fekk tidleg kontakt med den religiøse rørsla kring Hans Nielsen Hauge.
Aurland Bondekvinnelag
Skipa i 1947. Laget har på det meste hatt kring 70 medlemer.
Aurland Husmorlag
Skipa i 1949. Laget har m.a. halde symjekurs for born, husstell- og handarbeidskurs, og drive besøks- og handelsteneste på sjuke- og aldersheimen.
Aurland Røde Kors
Skipa i 1952. Hjelpekorpset bygde eiga hytte i Kvammadalen på 1980-talet.
Flåm Samfunnshus
vart bygd i 1954. Mykje av arbeidet vart utført på dugnad av bygdefolket.
Aurland Husflidslag
Skipa i 1977, og har hatt kring 90 medlemmer.
Aurland Idretts- og Samfunnshus
vart bygd av Oslo Lysverker i 1979. Kommunen overtok bygget i 2000.
Aurland Bonde og Småbrukarlag
vart skipa i 1987.