SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Historia i Aurland:

Samfunnsentreprenøren Hans Johannes Brun

Hans Johannes Brun.
Hans Johannes Brun.
På Vangen vart Hans Johannes Brun ein "samfunnsentreprenør" av dei sjeldne, og sette like djupe spor etter seg i Aurland som faren Herman Brun gjorde på Hermansverk og på Hanehaug i Leikanger.

Publisert 15.12.2003 10:45. Oppdatert 13.01.2004 09:23.
På Vangen bygde han om og utvida det gamle "Juell-huset" slik at det også romma eit hotell, og bygde straks etter eit hus som seinare vart kalla "Engelskbygningen" fordi han tok imot engelske reinsjegrar og laksefiskarar der. Brun var sjølv ein ivrig sportsfiskar, og ordna leigekontrakter for dei utanlandske fiskarane i Aurlandselvi.

Politikk og kyrkjekjøp

I 1854 kom Brun med i Aurland kommunestyre, og fekk vedteke at det skulle byggjast ny veg gjennom bygda. I 1861 kjøpte han Telegraflina Oslo-Bergen og starta restaurering. M.a. reiv han eit gamalt galleri og brukte bygningsdelar av dette til ei ny handelsbu - som no er den eldste delen i Brødrene Wangen si forretning på Vangen.

Stor byggeaktivitet

I 1874 bygde Brun dampskipskai og sjøbuer, og var ekspeditør for Fylkesbaatane. Han var i tillegg poststyrar, hadde bakeri på Vangen, dreiv mølle i Skjerdal, og hadde fargeri og garveri i Skinarviki.

Den store byggeaktiviteten gjorde at han hadde fast eit par snekkarar i arbeid, forutan både handelsbetjentar, tenestejenter og ein huslærar.

Brun var elles påpasseleg ute og kjøpte opp ei mengd gardar etter folk som drog til Amerika. Truleg rådde han etter kvart over bortimot 30 bruk.

Offentlege oppdrag

Hans Johannes Brun tente elles som kasserar for skule- og fattigstell i kommunen, og var styrar for folkebiblioteket. Då Telegrafverket bygde den første telegraflina Oslo-Bergen i 1858, var Brun lokal kontaktmann for arbeidet i Aurland - sjå: Telegraflina Oslo-Bergen.

Brun-epoken tek slutt

Etter at Hans Johannes Brun brått døydde i 1886, måtte enkja Anne Marie (1833-1910) ta over og styre dei mangslungne eigedomane saman med ni born. Ho gjekk på folkemunne i Aurland som "madam Brun".

Etter ei tid overtok svigersonen Peter Johan Fretheim alle Brun-eigedomane både i Aurland og Hermansverk , men i 1897 vart buet slege konkurs og delt opp ved tvangsauksjon.

I Aurland vart dei viktigaste eigedomane bytte slik: Vangen kyrkje vart kjøpt av Aurland kommune. Torstein Vangen kjøpte handelsbua, kaia, sjøbuene og fargeriet. Dette utvikla seg seinare til det kjende firmaet brødrene Wangen.
Ellend Vangen kjøpte hotellet, bakeri og garveri, og overtok post og telegraf. Hotellet vart seinare Wangen Hotell.

Hovudside:
· Bygdesenteret Aurlandsvangen vert til
Førre side:
· Vangen vert handelsstad



MEIR OM AURLAND 
Aurland kommune

 
Historia i Aurland
Industri og næring i Aurland
Kjende personar i Aurland
Kommunehistoria i Aurland
Krigshistoria i Aurland
Kyrkjer i Aurland
Samferdsle i Aurland
Skular i Aurland
Verd å sjå i Aurland

 
Video frå Aurland
Lyd frå Aurland
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no