Dette vart gjort etter at kommunane Hornindal, Stryn, Volda og Ørsta har garantert for 49 millionar kroner til prosjektet, og begge fylkestinga har gått inn for Kviven som framtidig stamvegline. I mellomtida vert noverande europaveg etter den gamle lina over Stigedalen mellom Eid og Volda rusta opp til god riksvegstandard.
Brukt i uminnelege tider
Frå eldgamle tider har skaret i Kviven vore ferdsleveg mellom Hornindal og bygdene på Sunnmøre:
Her gjekk ljåsmedane frå Hornindal nedlesste med nysmidde ljåar som dei skulle selje på Sunnmøre. Det hende også at ljåsmedane køyrde med laster over Kviven på skareføre vinterstid - sjå:
Smedkulturen i Hornindal.
Viktig veg til Sunnmøre
Krøterdriftene frå Volda og Ørsta mot Stryn og Jostedalen gjekk denne vegen. Framleis kan ein sjå jernboltar i fjellet på Svoda der dei vart slegne inn til feste for sviller som dyra kunne gå trygt på framom bratte sva.
Det var denne vegen kjende spelemenn frå Hornindal drog når dei skulle spele i bryllup på Sunnnøre, og hitover henta honndølene mang ei gardakone etter friarferd nordom Kviven. Oppe på fjellet har honndøler og austefjordingar møtt kvarandre til årvisse stemne.
Kviven var skuleveg
Ungdom frå indre Nordfjord som gjekk på skule i Volda i gamle dagar før rutebilane kom, brukte Kviven som snarveg heim. Vel så viktig vart Kviven som skuleveg for mange sunnmøringar som gjekk på Aasvejens Folkehøgskule i Hornindal kring 1890 (sjå skulehistoria). Ein av sunnmørs-elevane var den kjende salmediktaren Anders Vassbotn.
Krav om veg over Kviven
Ferdslevegen over Kviven var så viktig for sunnmøringane at Hjørundfjord kommunestyre alt i 1874 løyvde pengar slik at ferdslevegen over fjellet kunne utbetrast. I 1884 løyvde kommunestyra både i Hornindal, Volda og Hjørundfjord pengar til nye utbetringar.
I 1919 kom Kvivsvegen med i den store samferdsleplanen for Sogn og Fjordane, og sidan den tid har vegprosjektet vore framme fleire gonger, m.a. med ulike tunnelalternativ gjennom fjellet. Alle desse skulle vere korte tunnelar og gå forholdsvis høgt oppe i fjellsida.
Kvivsvegen framtidig stamveg
På 1970-talet, då Hornindal framleis var ein del av Stryn kommune, reiste Stryn kommune på nytt kravet om ein skikkeleg veg gjennom Kviven - den gongen med lina Otterdal-Osdal som den mest aktuelle. Dette vart seinare endra, og dei aktuelle planane i dag er å byggje ein omlag 6.000 meter lang tunnel, med høgaste punkt på 198 meter.
Drakamp om linevalet
I Nordfjord vart det sjølvsagt spenningar mellom indre og ytre då det kom på tale å lansere Kvivsvegen som framtidig line for stamvegen Europaveg 39 nord-sør på Vestlandet. Heilt sidan Stigedalsvegen var ferdig i 1932, hadde denne vorte rekna som den sjølvsagte hovudlina mellom Nordfjord og Sunnmøre. Dette "midtre" sambandet vart seinare forsterka med Lotetunnelen i 1966.
Kompromisset vart at ein skulle sikte mot Kvivsvegen som framtidig line, men ruste opp noverande veg over Bjørkedalen-Stigedalen som mellombels line inntil Kvivsvegen var ferdig.
I 1999 stadfesta Miljøverndepartementet denne løysinga i samband med vurderinga av at Stigedalsvegen går ved sida av eit verna vassdrag. Regjeringa slutta seg til dette i vedtak den 20. august 1999.
Ferjefritt austover
Med Kvivsvegen ferdig, får store deler av Sunnmøre "direkte" og ferjefri line austover over Strynefjellet, og på nord-sør-lina på Vestlandet kan ein køyre fergefritt heilt frå Sognefjorden og til store deler av Sunnmøre ved å køyre om indre Nordfjord via Breim-Stryn-Hornindal.
Sogn og Fjordane fylkesting har støtta planen om å delfinansiere Kvivsvegen med bompengar.