SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Historia i Eid:

Idrettslaga på Nordfjordeid

Eid idrettshus. (Foto: Ottar Starheim, NRK © 2003)
Eid idrettshus. (Foto: Ottar Starheim, NRK © 2003)
Eid Idrettslag hadde sin forløpar i Eids Turnforening som vart skipa i 1863, og er såleis eit av dei eldste idrettslag i landet, og det eldste på landsbygda.

Publisert 16.12.2003 15:06. Oppdatert 02.02.2004 13:03.
Men lagsaktiviteten låg nede i lange periodar - særleg på slutten av 1800-talet og byrjinga av 1900-talet. I lang tid dreiv også fotballfolket sine eigne lag utanfor idrettslaget. Det same gjorde skifolket.

Eids Turnforening

Skipingsmøtet for dette aller første idrettslaget vart halde hausten 1862. Denne første foreninga var eit lag for overklassen på Nordfjordeid. Første styremedlemer var "Kaptein og Veimester i Nordfjord Fred. A. Torp og Student E. Krogh Stang, Udskifdtningsformand Kvale og Kasserer const. Lendsmand Johan Tyvold". Også "Landhandler Peder Schrøder Boalth" kom tidleg med i "Direksjonen" for turnforeninga.

I dei første vedtektene heitte det at turnøvingane skulle vere gratis for borna til medlemane, og kvar 17. mai skulle det haldast "Turnskue". Øvringane heldt dei i ei gamal tingstove på "Lønnsbruket" på Myklebust. Truleg vart dette første laget lagt ned då tingstova vart riven i 1865.

Militært mellomspel

I samband med 17.mai-feiringa utover 1800-talet var det likevel vanleg å skipe til ulike idrettstevlingar på Nordfjordeid, m.a. kapproing på fjorden.

Frå 1890 gjennomførte dei militære årvisse idrettskappleikar på Plassen. Her kunne også sivilistar delta. Vanlege øvingar den første tida var kappgang, hurtigløp, hinderløp over 300-400 meter, og drakamp med tau. Seinare kom hopp og kast med kule, diskos og spyd - og symjing i fjorden. I 1896 vart det også skipa til "Militært hjulridt" - dvs. kappsykling - for første gong.

Nyskipa Eids Turnforening

I 1900 vert det på nytt skipa ei Eids Turnforening, denne gongen etter påskuv frå den nasjonale "Centralforeningen for Utbredelse af Legemsøvelser og Vaabenbrug".

Laget fekk frå starten 40 medlemer og leigde "Losjehalla" av den lokale IOGT-losjen til turnøvingar. Utandørs fekk laget nytte den militære eksersisplassen til friidrett.
Men sjølv om Turnforeninga eksisterte, så var utandørsidretten på Nordfjordeid temmeleg laust organisert med tilfeldige stemne heilt fram på 1920-talet. Det gjaldt m.a. fotballen, der eidarane hadde sin første dyst mot eit fotballlag frå Florø alt kring 1902.

I 1923 vart turnlaget reorganisert, bytte namn til Eids Idrettslag i 1923 og starta organisert instruksjon i ulike øvingar, m.a. med 10-kampmeisteren frå OL i 1920, Helge Løvland, som instruktør.
Innandørs trening vart lagt til ungdomshuset "Valhall" då dette stod ferdig i 1927. Skigruppa bygde ein større hoppbakke, Holebakken på Stigedalen, og arrangerte første distriktsrennet der i 1928.

Eigen fotballklubb

Eids Fotballklubb vart skipa i 1921, men noko seinare førde usemje innan fotballmiljøet til skiping av eit "utbrytarlag" som kalla seg "Einig". Dette gjekk inn i hovudgruppa att etter nokre år.

Eid fotballklubb gjekk inn som undergruppe i Eids Idrettslag i 1946, som same året bygde idrettsplass i Øyrane.

Dei mest kjende fotballspelarane frå Eid Idrettslag er landslagsspelarane Knut Osnes, Harald Aabrekk og Azar Karadas.

Dameturngruppa

Eid Idrettslag fekk eiga dameturngruppe i 1925, men etter eit kort blaff låg aktiviteten nede til hausten 1932. Då starta ei ny gruppe som heldt det gåande til 1937. Så låg gruppa nede til 1946. Ei drivande kraft i turnmiljøet på Nordfjordeid frå 1940-talet og i ein mannsalder frametter var Alvhild Horn.

Idrettslaget "Bamse"

vart skipa i 1925 for grendene sør for Eidselva. Laget bygde ut fotballbane på Bjørlobrekka i 1945, m.a. med hjelp av kapitulerte tyske soldatar som venta på å verte sende heim. I 1956 gjekk laget inn i Eid Idrettslag.

Eidsbygda Skilag

vart skipa i 1932, og rekrutterte først og fremst medlemer frå dei øvre og sørlege deler av bygda. Laget bygde Flathaugbakken på Hjelle i 1938.

Eids Gymnas Idrettslag

vart skipa i 1937 for ungdom som gjekk ved det to-årige gymnaset på Nordfjordeid. I mange år vart det arrangert såkalla "Triangelmatchar" mellom gymnasa i Volda, Eid og Firda Gymnas på Sandane.

Andre lag

For lag og anlegg elles i kommunen, sjå:
· Idrettslag og -anlegg i Eid

MEIR OM EID 
Eid kommune

 
Aviser og media i Eid
Historia i Eid
Industri og næring i Eid
Kjende personar i Eid
Kommunehistoria i Eid
Krigshistoria i Eid
Kyrkjer i Eid
Samferdsle i Eid
Skular i Eid
Verd å sjå i Eid

 
Video frå Eid
Lyd frå Eid
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no