SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Samferdsle i Selje:

Losane på Stad

Måleri frå 1914 av Isak Refsnæs. (Foto utlånt av Rune Anda.)
Måleri frå 1914 av Isak Refsnæs. (Foto utlånt av Rune Anda.)
Stadhavet er eitt av dei mest verharde, opne havstykka langs Norskekysten, med mange livsfårlege båar og fall. Då var lokalkjende losar gode å ty til.

Publisert 17.12.2003 09:25. Oppdatert 04.09.2006 08:35.

Losstasjonane i Selje kommune låg i Honningsvåg og i Ervik. Utkikshaugen for losane i Ervik heiter framleis "Loshylla". Sør for Sildagapet sat det los i Kråkenes og på Silda. Fleire av desse losane kring Stadhavet var i sving heilt til kring 1900.

Navigerte etter lyden på fallgarden

Før 1870 fanst det ikkje eitt einaste fyr korkje i skipsleia og for fiskefelta mellom Kinn ved Florø og Runde på Sunnmørskysten. Det vert fortalt at losane på Stad, når dei skulle ro ut for å assistere skip i mørke, måtte lye til lyden i falla for å navigere. Kvart fall hadde nemleg sin eigen tone eller lyd. Då la dei røynde losane øyra til skipsdekket for å høyre etter lyden på dei ulike falla, og såleis rekna ut kor langt unna fallgarden skipet sigla.

10 losar frå same familie

Losyrket gjekk gjerne i arv i same familien. Ein av dei som vart stamfar til ei heil slekt med losar, var Andreas Andreasson Honningsvåg f. 1841. Sjølv var han los gjennom eit langt liv og fekk etter seg to søner, ein soneson, tre svigersøner og tre dottersøner som alle vart losar. – I alt 10 menn frå same familie, i tre generasjonar.

Losyrket var livsfårleg

Dei lokale losane brukte vanlege robåtar når dei tok seg ut til seglskipa som bad om assistanse. Det seier seg sjølv at losyrket på Stadhavet var eit livsfårleg yrke som kravde mange liv. Verste ulukka hende i ein septemberstorm i 1849, då eit skip bad om los utanfor Stad, og losen med fire losdrengar som rorskarar gjekk ut frå Honningsvåg. Losen berga seg ombord i seglskuta som bad om hjelp, men alle fire rorsdrengane hans drukna ute ved flua Stålet.
Sør får Stadhavet søkte skipa som oftast naudhamn i Selje. Nord for Stad i Haugsleira på Kvamsøya.

- Les elles om store skipskatastrofar på Stadhavet under Ulukker i Selje.


MEIR OM SELJE 
Selje kommune

 
Historia i Selje
Industri og næring i Selje
Kjende personar i Selje
Kommunehistoria i Selje
Krigshistoria i Selje
Kyrkjer i Selje
Samferdsle i Selje
Skular i Selje
Verd å sjå i Selje

 
Video frå Selje
Lyd frå Selje
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no