SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Historia i Eid:

Myklebust - den eldste storgarden

Bronsekjele frå vikingtida funnen på Myklebust. (Foto: Arild Nybø, NRK)
Bronsekjele frå vikingtida funnen på Myklebust. (Foto: Arild Nybø, NRK)
Garden Myklebust er den delen av Nordfjordeid sentrum som ligg på nordsida av dalbotnen - frå kyrkja og austover.

Publisert 17.12.2003 13:35. Oppdatert 12.02.2004 13:38.
LYD OG VIDEO  Lyd Video
I dei eldste tider var Myklebust ein av dei største gardane i fylket, og omfatta truleg det meste av den flate dalbotnen frå Eidsfjorden og 2-3 kilometer austover - dvs. også dei seinare gardane Gjerde og Langeland.

Minnestøtte på Skjoratippen. (Foto: NRK)

Vikingfunna på Myklebust

Store gravhaugar frå bronsealderen og jernalderen, der det i 1847 vart gjort nokre av dei rikaste gravfunn i Noreg, viser at Myklebust var sete for rike og mektige ætter. I mellomalderen høyrde Myklebust til Nordfjordgodset som ei tid også var eigd av baron Audun Hugleikson frå Jølster.

Eigd av lensherrar og prestar

Då baronen fall i unåde, og vart avretta i 1302, vart alt han eigde kverrsett av kongen. Kongen gav Nordfjordgodset til lensherren i Bjørgvin, Otte Svaleson Rømer i 1361. Sonen, riksråd Svale Otteson Rømer, arva garden på Nordfjordeid. Men Rømer-ætta døydde ut, og garden kom på andre hender. Såleis er det nemnt at kannik (d.e. domkyrkjeprest) Sigurd Pederson i Nidaros eigde Myklebust i 1548. I 1626 var det folk frå adelsætta Bille som eigde Myklebust.

Oppdeling av garden

Frå 1660 til midt på 1800-talet var det presten Jens Bugge og hans ætt som eigde den store garden. Myklebust vart etter kvart delt opp i fleire bruk, slik at det ved det store jordskiftet i 1863 budde i alt åtte gardbrukarar i sjølve Myklebust-tunet.

Friis-folk frå Myklebust til Rugsund

Eit par steinkast unna hovudtunet hadde Bugge-folket ei tid budd sjølve i gardstunet som seinare er kjent som Jo-tunet.
Frå 1702 til 1727 budde presten Thomas Friis i Jotunet og dreiv både handel og gjestgiveri der. Denne verksemda overtok han visst nok etter ein H. P. Lemmechen.
Friis var gift inn i Bugge-familien og kjøpte Jo-bruket i 1721. Men året etter selde han det store herskapshuset i Jotunet som prestegard.
Men Friis kom truleg i pengevanskar etter ei tid, for i 1727 bygsla han bort Jo-bruket, og den handelen som høyrde med, til soldaten Aleksander Larsson Straume frå Volda. Sjølv flytta Thomas Friis til Rugsund og overtok det gamle kremmarleiet og gjestgiveriet der: Handelsstaden Rugsund. Han eigde også handelsstaden i Utvik - sjå: Handelsstaden og småindustrisenteret Utvik.

Adeleg eigar av Myklebust

På 1730-talet går både Jo-tunet og dei andre gardane på Mykelbust over til kjende embetssslekter som vi kjenner m.a. som nokre av dei største jordeigarane i Sogn og Sunnfjord: I 1730 kjøper presten Iver Iversen Leganger frå Leikanger i Sogn ein stor del av Myklebust frå svigerinna si Bentse Marie Bugge.

Etter ei tid med bortbygsling, selde også Thomas Friis i 1738 Jo-bruket til ein etterkomar etter den styrtrike presten Peder Jørgenson Finde i Førde, Peder R. Finde. Men dette bruket skifte eigar året etter til Lars Augustinson, som i 1745 selde Jo-bruket til Johan Ludvig von Warnestedt. Warnestedt var sjef for det Nordre Nordfjordske Compagnie frå 1743. Han kom frå ei tysk adelsætt i Mecklenburg.

Fut i Jo-tunet

Men i 1751 var garden så forgjelda at Jo-tunet vart seld til mannen som hadde vorte eigar av storgarden Gjerde i 1737; Søren Michaelson Mørch. Men etter at han hadde tapt ei odelssak om Gjerde busette Mørch seg i Jo-tunet og dreiv både handel og gjestgiveri der.

Søren Michaelson Mørch eigde mange gardar i Eid, Stårheim og Hornindal og var fleire gonger fullmektig for futen, som på den tida budde på Fure i Fjaler kommune - sjå: Futesetet på Fure. Då den styrtrike futen Hans Nielsen Rue gjorde underslag og vart avsett i 1731, fungerte Mørch ei tid som fut for Sunnfjord og Nordfjord. Han var også ei tid fut i Sogn.

Søren Michaelson Mørch var gift med ei enkje etter H. J. Rue, og då Mørch døydde i 1755, overtok kona sin son Gjert Rue handelen og gjestgiveriet i Jo-tunet på Myklebust.
Sjølve garden fekk han skøyte på i 1773. Gjert Rue døydde i 1794.
I 1891 var det den militærutdanna John Myklebust som vart eigar av Jo-tunet. Han er brukar til 1940, men det er som politikar og ein umåteleg aktiv samfunnsbyggjar at han først og fremst har sett merke etter seg på Nordfjordeid.
Ein del av Myklebust-gardane som kallast Svehogjen vart også skilde ut og brukte i ein merkeleg politisk kamp på 1880-talet som vart kalla "myrmannstida" - sjå: Myrmannsvesenet.

Gravhaug på Myklebust. Skjoratippen i bakgrunnen. (Foto: Ottar Starheim, NRK © 2003)


MEIR OM EID 
Eid kommune

 
Aviser og media i Eid
Historia i Eid
Industri og næring i Eid
Kjende personar i Eid
Kommunehistoria i Eid
Krigshistoria i Eid
Kyrkjer i Eid
Samferdsle i Eid
Skular i Eid
Verd å sjå i Eid

 
Video frå Eid
Lyd frå Eid
SE OGSÅ
LENKER

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no