SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Historia i Eid:

Storgarden Gjerde

Boalthhuset - tidlegare Yris hotell. (Foto: Ottar Starheim, NRK © 2003)
Boalthhuset - tidlegare Yris hotell. (Foto: Ottar Starheim, NRK © 2003)
Strandstaden Nordfjordeid var i gamal tid dominert av storgardane Myklebust og Gjerde og folket som budde der – særleg av folket på Gjerde.

Publisert 17.12.2003 14:05. Oppdatert 01.02.2007 09:38.
Her ligg framleis det store herskapshuset, løe og hus-anlegg midt i sentrum av Nordfjordeid slik det gjorde for kring 200 år sidan. Det freda hovudhuset er bygt 1790. Her budde det folk frå rike slekter som prega mykje av handel og utvikling i Nordfjord heilt fram til 1900-talet.

Storgard og amtmannssete

Storgarden Gjerde omfatta langt fram på 1900-talet dei mest sentrale områda frå strandstaden og oppover dalen mot Langeland. Ingen storgard i Nordfjord har gjennom eigarskap og andre tilhøve vorte så sterkt knytt til kjende handels- og embetsslekter elles i fylket som nettopp Gjerde.

Bygdebokskrivarane Jakob Aaland og Edvard Os rekna med at både Gjerde, grannegarden Osnes – som omfatta den seinare Eksersisplassen – og Langeland lengre aust hadde høyrt under storgarden Myklebust i mellomalderen. (Sjå Myklebust - den eldste storgarden) og Garden Osnes var eksersisplass.)

I 1626 var garden eigd av adelsmannen Gunde Lange, men han budde ikkje der. I 1638 startar den første handelsverksemda på Gjerde, då Jon Willumson løyser borgarbrev for å drive handel der. Willumson eigde ikkje sjølve Gjerde, men busette seg på nabobruket Osnes (seinare Eksersisplassen)

I 1642 selde Gunde Lange garden Gjerde til Jørgen Panter, som hadde tilknyting til garden Naustdal vest for Nordfjordeid. Naustdal var på den tida registrert som adeleg setegard. Panter samla seg mykje jordegods i tillegg, og dreiv også handel på Gjerde til han døydde kring 1657. Men mange av jordkjøpa skjedde med lånte pengar, og 1756 måtte Jørgen Panter setje Gjerde og ei mengde andre gardar i Eid i pant til pengeutlånaren, futen Jens Pederson Randulf.

I 1656 selde futen så pantebreva til Otto R. Stoud, men enkja etter Jørgen Panter fekk likevel halde på Gjerde og dreiv bruket med handelen fram til 1666, då svigersonen Jacob Jørgensen og dottera Kirsten Panter kunne overta.
Men då Jørgensen ikkje makta å løyse inn det bortpanta jordegodset, vart storgarden i 1674 seld til presten Peder H. Schreuder.
Eit par år seinare selde Jakob Jørgenson og kona Kirsten åseteretten på Gjerde til den danske adelsmannen Christian Lindenov, og slik vart garden i ein kort periode hovudsete i eit lite amt som vart spesielt skipa til av kongen for den adelege Lindenov:

Nordfjordeid vart "fylkeshovudstad"

I ein kort periode på fem år - frå 1675 til 1678 - vart nemleg Nordfjord og Sunnmøre skilt ut frå Bergens Stiftsamt og skipa som eige amt med Christian Lindenov som amtmann.
I dansketida var det slett ikkje uvanleg med slike mellombelse frådelingar av len og amt til folk som kongen i København av ulike grunnar ynskte å gje ei påskjøning.
Såleis var også inste del av Lustrafjorden (sjå Luster kommune) i åra 1565-1614 frådelt som eige len.

Dette var også tilfelle for Lindenov då han fekk frådelt dei nordlegaste lutane av Bergens Stiftsamt og i fem år kunne pryde seg med tittelen amtmann: det var ei personleg påskjøning for eitt eller anna. I alle høve fanst det på den tida ingen kjende administrative grunnar til å skilje ut den nordre kluten av stiftsamtet.

Den frisinna amtmannen på Gjerde.

Amtmann Christian Lindenov var ein frisinna kar, for på Gjerde heldt han seg med elskarinne. Med henne fekk han barn, og for å sleppe å gå til kyrkja med barnet, baud han sokneprest Povel Glad å kome til Gjerde for å døype barnet heime. Sokneprest Povel Glad var sjølv ein svært frisinna geistleg, for like før hadde han sytt for å hamne i to farskapssaker med to jenter på same tid!

Før dåpshandlinga på Gjerde, hadde truleg presten og amtmannen hatt seg ein durabeleg svir, for då barnet skulle døypast, tok presten ein dryg sving ut om det skriftlege ritualet og la til for eiga rekning:
– "Far herud du urene Aand af dette velbyrdige Barn!"
For den slags improvisert åndemaning vanka det kyrkjeleg refs: Presten vart stemd for Bergens Domkapitel og fekk ei herleg skrape.

Amtmannen avsett – amtet oppløyst

Den danske amtmann Lindenov vart ikkje lenge på Nordfjordeid: I tillegg til å leve eit utsvevande liv, låg han støtt og stadig i krangel med ekteparet Jacob Jørgenson og Kirsten Panter som kravde å få tilbake garden Gjerde.
I 1678 vart Lindenov avsett frå embetet som amtmann for Nordfjord og Sunnmøre, som deretter gjekk tilbake i folden som ein del av Bergens Stiftsamt.
Les meir om amts- og fylkesgrenser under "Sogn og Fjordane fylke" og særskilt om den tida på 1500-talet då Nordfjord var eige len. – Sjå artikkelen ”Nordfjord tilhøyrde Tyge Brahe” under historia til Sogn og Fjordane fylke, hovudartikkelen Dei første styreformene og fogderia.

I 1683 selde Christian Lindenov garden Gjerde til stiftsamtmann i Bergenhus, Lauritz Lindenov (ca 1640 - 1690). Denne mannen hadde i 1685 leia ein kommisjon som under ein ekspedisjon til Finnmark kartla dei økonomiske kåra i landsdelen og sette opp reglar for korleis dei nordlege landsdelar i Noreg skulle forvaltast.

Men for denne andre "Lindenow" var nok jordhandelen i Eid av reint forretningsmessig karakter. Etter kort tid selde nemleg Lauritz Lindenov eigedomane sine på Nordfjordeid til borgarmeister i Bergen, Ove Jensen, og han igjen til Thomas Nilsson Middelstrom. Denne mannen tenestegjorde som ombodsmann for lagmannen i Nordland, men flytta til Eid og dreiv handel på Gjerde til han døydde i 1686.

Gardenkja på Gjerde gift fire gonger.

Enkja Marie Jørgensdatter Smidt vart oppattgift med Thomas Hansson Tørning i 1693. Han var handelsmann på Gjerde til han døydde i 1701. Buoppgjeret etter dette barnlause ekteskapet med Tørning viser at dei førde eit rikt hus: Dei dekte bordet med sølvkanner og sølvbestikk, hadde tyske bøker i bokhylla og eiga jekt på fjorden.

Men enkja Marie gav seg ikkje med to ektemenn: Same året som Tørning vart lagt i kista, gifta Marie seg opp att med Michael L. Mørch. Han hadde sidan 1698 budd på Nordfjordeid, der han pakta noko jord frå kongen.
Men Michael vart knapt varm i ektesenga med Marie før han døydde i 1703, og Marie gifte seg for fjerde gong – no med premierløytnant Rasmus Glad – son til den lystige presten Povel Glad som er omtala tidlegare.

I tillegg til å drive handel og storgarden Gjerde, hadde Rasmus Glad tilsyn med kongens skogar, og skulle dessutan krevje inn avgifter for havarerte skip i Nordfjord.

Marie overlevde ikkje den fjerde ektemaken sin: I 1719 døydde ho, og Rasmus Glad gifta seg tre år seinare opp att med ei offisersdotter frå Gloppen, Abigail Linde.

Gjerde-garden vert kasteball

Rasmus Glad åtte gode skogar aust for Hornindalsvatnet, og sette m.a. opp sag i Kjøs. Då han døydde i 1733, vart Gjerde selt på auksjon. Tilslaget fekk ein fattig student som heitte Nikolai Leganger. Han hadde tydeleg hatt eit godt lag med enkja Abigail, for kort tid etter gifta dei seg. Men den fattige studenten hadde ikkje midlar til å løyse inn den store garden på Nordfjordeid. Han og Abigail måtte flytta frå Gjerde og busette seg på eit armodsleg bruk på Oldeide på Bremangerlandet.

I 1737 vert Søren Michaelson Mørch eigar av Gjerde, og får same året løyve til å drive handel og gjestgiveri på Skipenes – d.e. nabogarden som ligg ved E 39-brua over Eidselva.

Men på 1750-talet vert det ny uro kring storgarden Gjerde, for no kjem sonen til ein tidlegare eigar, Povel Rasmusson Glad, og krev garden tilbake på odel. Han vinn fram med kravet i 1753. Fem år seinare fekk han rett til å drive gjestegiveri med skjenkestove, men greidde seg ikkje økonomisk, og dermed vert det ny auksjonsrunde
om Gjerde i 1767.

Gjerde kjem under Svanøy-godset

No er det den styrtrike Svanøy-futen Jens Worm Nagel som kjøper Gjerde for 1151 riksdalar. Nagel-ane på Svanøy eigde på det meste kring 700 gardar i Fjordane og Sogn, og er såleis dei største private jordeigarane som har vore i Sogn og Fjordane.

Eit par år før han døydde, selde futen Jens Worm Nagel garden Gjerde til sorenskrivar Lauritz Stub som regjerte på den gamle sorenskrivargarden på Løkja (Leikvin) frå 1741 til 1762. Stub pakta bort gardsdrifta på Gjerde, men dreiv sjølv gjestgiveri og handelsbu.

Men det var tydeleg at utbytet ikkje stod til forventningane, for Stub låg støtt i krangel med dei som dreiv konkurrerande handel og gjestgiveri i Stårheimsvik.
For å berge seg økonomisk, selde Lauritz Stub borgarprivilegia sine til kremmaren i Smørhamn, Jørgen Andersson Balchen (sjå Handelsstaden Smørhamn).

Praktfullt herskapshus

I 1772 var Stub si tid på Gjerde ute: Garden med handel og gjestgiveri kom på nytt under hammaren, og no var det Peder Harberg som fekk tilslaget på Gjerde. Han var son til futen i ytre Sogn, Annanias Christoffer Harberg. Harberg fekk løyve til å drive handel og gjestgiveri i 1777, men måtte gå frå eigedomane sine i Eid i 1788.

Den som no tok over var Tollef Lem Ravn, fødd 1754 i Molde, men oppfostra hjå slektningen, sorenskrivar Lauritz Stub på Løkja. Han gifta seg seinare med sorenskrivardottera.

Men det var slett ikkje nokon stasgard han kunne ta over på Gjerde: Husa var til nedfalls, men det vert fortalt at eit dugeleg sildekast i Eidsfjorden sette Tollef Lem Ravn i stand til å koste grundig vøling på garden: Kring 1790 fekk han byggmeister Ola Haugen til å byggje eit av dei staselegaste herskapshusa i Nordfjord på Gjerde. Haugen var same mannen som også bygde sorenskrivargarden på Løkja (Skrivargarden Leikvin) og prestebustaden på Vereide i Gloppen. Han var far til stortingsmann Erik O. Nord .

Tollef Lem Ravn dreiv i tillegg til verksemda på Gjerde også eit gjestgiveri på Grodåssanden i Hornindal.

Wiese-slekta inn på Gjerde

I 1822 overtok sonen Mattias Ravn både Gjerde og gjestgiveriet i Hornindal. Han tok livet av seg i 1831, og året etter kjøpte Claus Krohn Wiese garden med tilhøyrande handel på auksjon. Han fekk også hand om nabogarden Osnes i 1833.

Wiese kom frå ei fornem Bergens-slekt med opphav i Hannover i Tyskland. Denne Wiese-slekta vart ei av dei største og mektigaste handelsslektene i Nordfjord på 1800-talet, med verksemd både Rugsund (Bremanger kommune) og Dombestein i Bremanger kommune og i Vågsvåg og Osmundsvåg i Vågsøy kommune.

Claus Wiese tok med seg sine fine vanar til Nordfjordeid og anla m.a. ein stor "engelsk" hage med symmetriske bed og grusgangar og framande treslag framfor det store herskapshuset på Gjerde. Han freista først å skjerme den flotte hagen mot innsyn ved å spa torv frå eksersisplassen like ved, men etter protestar frå det militære, måtte han pent leggje all torva tilbake. I staden vart hagen skjerma med ein høg hekk.

Husbyggjaren Wiese

Men mest kjend vart Claus Wiese som husbyggjar: Det viktigaste minnet etter hans tid på Gjerde er kjempestore "Wiese-løa". Denne står framleis, og har gjennom åra m.a. vorte nytta som soldatbrakke, saftfabrikk, skofabrikk (sjå Fabrikkar og verkstader i Eid), fiskereiskapsfabrikk (sjå Fluor-Lux A/S) og ulike forretningar. Wiese-løa er i 2003 eigd av røyrleggjarfirmaet S. H. Nesbakk AS.

Claus Krohn Wiese dreiv elles eit teglverk i Huldegrova lengt aust på eigedomen, hadde jektebruk, og dreiv eige brennevinsbrenneri. I Almenningshola, der J.O.Olsen seinare bygde sjøbu og dreiv notbruk og fiskehandel, stod den store sjøbua til Wiese.

Også på garden sin på Osnes bygde han fleire hus, m.a. eit større bustadhus. Dette huset har seinare vorte nytta både som offisersmesse og som kontor for Nordfjord vegkontor
i den tida det heldt til på Nordfjordeid. Huset står framleis. Litt lengre sør mot Eidselva bygde Claus Wiese endå eit stort hus der han dreiv handel og leigde ut forretningslokale til andre. Både dette forretningsbygget og ei stor sjøbu som han bygde i Hola, vart i 1898 selt og flytta til Vågsvåg.

Truleg var det den store aktiviteten kring den militære eksersisplassen som gjorde at Wiese satsa så stort på Osnes, for denne garden låg noko nærmare eksersisplassen enn husa på Gjerde.
Nordfjordeid sett frå Os rundt 1880. Ukjend fotograf - frå Årbok for Nordfjord 2006

Boalth-folket vert eigarar på Gjerde

Men det store byggjeaktiviteten kosta: I 1844 måtte Claus Wiese selje Gjerde til Bergens-sjømannen Peder Schrøder Boalth (1818- 1882) for 5000 spesidalar. Boalth dreiv gardsbruket godt, og gjorde om den store hovudbygningen frå gjestegiveri til hotell. Etter hans tid på Nordfjordeid har Gjerde på folkemunne vorte kalla for "Boalth-garden".

Frå Peder S. Boalth døydde i 1882, dreiv den tyskfødde enkja hans Anna Rasalie Karoline Brandis (1822-1910) både hotellet og den store garden saman med slektningar. Ho skilde frå eit stykke av garden og bygde seg hus. Her budde ho til ho døydde. I 1906 gav ho Eid kommune ein liten parsell ved Eidsgata (rett over gata for Hildenes-huset) for at kommunen skulle byggje eit offentleg bad der, noko det ikkje vart noko av.

I 1909 kjøpte hotelleigaren Vilhelm Yri frå Olden "Boalth-garden", overlét hotellet i Olden til sønene Rasmus og Sivert og flytta sjølv til Nordfjordeid for å drive garden med hotellet der.

I 1940 overtok sonesonen Wilhelm (Will) Yri eigedomane på Nordfjordeid, og sidan er det hans etterkomarar som har rådd over eigedomen og drive hotellet som Yris hotell.

Sidan storgarden Gjerde var Nordfjordeids mest sentrale tomteland, er så godt som heile garden selt unna. Hotelldrifta i det gamle, freda hovudhuset tok slutt på 1970-talet.

MEIR OM EID 
Eid kommune

 
Aviser og media i Eid
Historia i Eid
Industri og næring i Eid
Kjende personar i Eid
Kommunehistoria i Eid
Krigshistoria i Eid
Kyrkjer i Eid
Samferdsle i Eid
Skular i Eid
Verd å sjå i Eid

 
Video frå Eid
Lyd frå Eid
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no