STIL - Sandane Turn og Idrettslag, vart skipa i 1900, same året som Nordfjord Idrætsforbund vart skipa som ei overbygning for alle idrettslag i fjorden.
Sentral skipar for begge var presten
Reiel Nybø. Han leia turngruppa den første tida. Nordfjord Idrætsforbund arrangerte kvart år den første tida eit skirenn om vinteren og eit friidrettsstemne om hausten.
Redaktør i bladet "Nordfjord", Hans Thorsen, vart første formann i STIL 1900-1904.
Hoppbakke, turnhall og idrettsplass
Fram til STIL bygde idrettsplass på Holvikigarden like ved Firda Gymnas i 1926, nytta idrettsfolket utstillingsplassen på Øyrane på Austrheim som idrettsbane.
Saman med Skilaget Fjellhug bygde STIL hoppbakke på Alme på 1920-talet. Det var også hoppbakke i Jølet, der ein kunne hoppe 45 meter. Seinare vart det bygt hoppbakke i Liabakken på Vereide, der ein kunne hoppe over 60 meter.
I 1933 bygde STIL Turnhallen på Sandane. Den nye Firdahallen stod ferdig i 1965.
NM-bronse
STIL gjorde det svært godt i nasjonale friidrettsstemne på 1930-talet: I 1938 tok STIL bronse i 1000 meter stafett i NM med laget Asbjørn Hansen (sjå
Kjende personar i Gloppen fødde år 1900-1930), Anton G. Skarstein, Sigmund Salveson og Anders Hansen. Den største friidrettsutøvaren frå bygda etter krigen var
Arne Lothe.