SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Historia i Eid:

Embetsgarden og kultursenteret Leikvin

Hovudbygningen vart bygt i 1790. (Foto: Ottar Starheim, NRK © 2003)
Hovudbygningen vart bygt i 1790. (Foto: Ottar Starheim, NRK © 2003)
Omlag åtte kilometer vest for Nordfjordeid - på Løkja - ligg ligg den gamle sorenskrivargarden Leikvin. I nyare tid er Leikvin best er kjent som eit av dei mest aktive og særprega kultursentra i Sogn og Fjordane.

Publisert 18.12.2003 16:08. Oppdatert 09.03.2007 08:53.
LYD OG VIDEO  Lyd Video
Den freda hovudbygningen på Leikvin vart bygt i 1790, og er etter restaurering eit av dei mest staselege og best bevarte herskapshusa frå denne tida i Sogn og Fjordane. Den digre trebygningen med ei samla golvflate på kring 600 kvadratmeter, er freda.

Sidan 1974 har kunstnarparet Siv Jørstad og Inge Rotevatn budd på Leikvin. Etter eit stort restaureringsarbeid opna dei i 1976 Leikvin Kultursenter, og i 20 år vart det arrangert kunstutstillingar og konsertar i bygningen. For innsatsen vart kunstnarparet tildelt Fylkeskulturprisen i 1982.

Gamalt adelsgods

I mellomalderen var Leikvin ættegarden til lagmann Einride Simonsson som skreiv seg "til Leikvin". I 1626 var garden eigd av den adels-ætta Claus Brockenhuus, og i 1651 av arvingane i Bergen etter Niels Pedersen Lem (1617-1663). Han tilhøyrde ei slekt som frå 1600-talet og utover skaffa seg store jordeigedomar m.a. i ytre Sogn og i Frønningen i indre Sogn. Leikvin kom gjennom arv m.a. i eiga til Lem sin svigerson, den danskætta Volkvard Brodersen Riisbrich som var fut i Nordhordland, og seinare til hans svigerson Hans Munthe, borgarmeister i Bergen.

Leikvin vert sorenskrivargard

I 1700 kjøpte sorenskrivar Peder Clauson Paust Leikvin - eller Løkja / Løken som garden også er kalla. Frå då av var Leikvin med ein del avbrot sorenskrivargard i Nordfjord fram til 1957, då både kontor og bustad vart flytta til nybygg på Mel på Nordfjordeid. På 1990-talet flytta sorenskrivarkontoret over i eit nytt statsbygg midt i sentrum av Nordfjordeid, men i 2001 vedtok Stortinget å leggje ned sorenskrivarkontoret for Nordfjord og samordne det med sorenskrivarkontoret i Førde (Sorenskrivaren i Sunnfjord).

Sorenskrivarane budde på Apalset på 1600-talet

Før sorenskrivarane i Nordfjord busette seg på Leikvin, budde dei for det meste på garden Apalset ved Vereide i Gloppen kommune - sjå: Vereide og Apalset. I Gloppen budde også futen det meste av den tida då Nordfjord hadde eigen fut og ikkje var underlagt futane som budde på Fure (sjå: Futesetet på Fure) og Svanøy - sjå: Futesete og adelsgods. I alt tre sorenskrivarar på 1600-talet som budde på Apalset, var nærskylde med den illgjetne futen Christen Søfrenson Wittrup som budde på Evebø i Gloppen.

Mellom 1634 og 1537 gjorde Mauritz Jenssen sorenskrivar eit unntak frå Gloppen, for han fann det for godt å bu i Innvik. Heilt fram på 1800-talet var det vanleg at sorenskrivarar, som andre embetsfolk, stort sett kunne velje kvar dei ville busetje seg innan embetsdistriktet sitt. Så sjølv om Leikvin vart sorenskrivargard frå 1700, var det difor fleire sorenskrivarar som budde andre stader - både i Eid og Gloppen:

Sorenskrivarane på Skårhaug

Heilt fram på 1800-talet var det vanleg at sorenskrivarar, som andre embetsfolk, stort sett kunne velje kvar dei ville busetje seg innan embetsdistriktet sitt. Sjølv om Leikvin vart sorenskrivargard frå 1700, var det difor fleire sorenskrivarar som budde andre stader - både i Eid og Gloppen. Slik vart også garden Skårhaug nordvest for Nordfjordeid nytta som embetsgard av to sorenskrivarar frå 1809 og utover: I 1803 kjøpte den kjende diktarpresten Claus Frimann Leikvin. Same året vart Niels Nielsson Vogt utnemnd til sorenskrivar i Nordfjord, og i 1809 valde han å flytte til Thyvold-garden på Skårhaug. Namnet hadde denne garden fått etter lensmann Jacob Thyvold som hadde budd der. I Thyvold-tunet var det reist eit stort, herskapeleg hus som tidlegare stod i tunet på Leikvin. Men Niels Vogt døydde same året som han flytta inn i Thyvold-huset, og sonen Jørgen Herman Vogt "arva" både embete og bustad. Jørgen Herman Vogt fann etter kort tid ut at husa på Thyvold-garden vart for små til bustad og kontor og flytta til den "gamle" sorenskrivargarden på Apalset i Gloppen.
Etter at sorenskrivaren hadde flytta til Gloppen, vart Thyvold-huset ei tid nytta som bustad for distriktslegen, før denne i 1892 flytta til "distriktslegebustaden" like ved Eids-kyrkja – eit hus som lensmann Oppen hadde bygd.
I sorenskrivartida på Skårhaug stod det også eit anna hus der som seinare vart flytta til Myroldhaug (Myrahogjen. Der vart det nytta som bustad for den første distriktslegen for Nordfjord, Johan Widding Heiberg Cammermeyer, då Fjordane legedistrikt vart delt i Nordfjord og Sunnfjord distrikt i 1838.

Sorenskrivaren budde ved Hundeide

Då Vogt vart ekspedisjonssjef i Finansdepartementet i 1830, var det Gulbrand Aamodt som tok over som sorenskrivar i Nordfjord fram til 1824. Han busette seg på garden Setre på sørsida av Eidsfjorden - ein gard som i dag ligg noko avsides til.
Det var ei tid på tale å kjøpe Setre og nytte den som fast embetsgard for sorenskrivaren, men nokre snøskred som gjorde skade på garden på denne tida, gjorde at dei tok skrekken og let det vere.
I 1841 vart det sett opp ei ny postrute frå Rebakken i Breim som kom vestover og over Hunvikskaret til Hundeide og derfrå nordom Eidsfjorden til Løkja og vidare over Bjørkedalseidet til Volda. Sorenskrivargarden på Setre vart såleis i dei siste åra frå 1841 til 1846 liggjande tett inntil den nye postruta, og det første postopneriet i Eid kom nettopp på Hundeide. Det var ei tid på tale å kjøpe Setre og nytte den som fast embetsgard for sorenskrivaren, men nokre snøskred som gjorde skade på garden på denne tida, gjorde at dei tok skrekken og let det vere.

Leikvin vert på nytt sorenskrivargard

Peter Harboe Frimann jr. hadde arva Leikvin etter faren Claus Frimann. Då Peter Harboe Frimann døydde i 1846, vart det meste av jordbrukslandet på Løkja selt til gardbrukaren, medan sorenskrivar Wilhelm Huitfeldt kjøpte sjølve tunhusa på Leikvin og litt jordveg ikring.
I 1862 vart Staten eigar av sorenskrivargarden på Leikvin. Då sorenskrivaren flytta til Nordfjordeid i 1957, overtok Eid kommune eigedomen og ansvaret for det freda stashuset på Leikvin.

Eit uvanleg herskapshus

Det var sorenskrivar Johan Daniel Stub som i 1790 fekk reist det store og staselege herskapshuset på Leikvin. Han var sorenskrivar frå 1762 til 1803. Huset er bygt av byggmeister var Ola Haugen, som også var byggmeister for Boalth-huset (Yris Hotell) på Nordfjordeid og prestegarden på Vereide i Gloppen. Med sine rundt 600 kvadratmeter golvflate er det eit uvanleg stort embetshus for si tid.

Fleire av salongane er prega av kontinental smak. I ei av stovene er det veggtapet med rokokko-dekorasjonar, og veggane i stasstova er kledd hollandske tapetmåleri. Ein stor sal i andre etasje har dekorerte veggfelt med mann- og kvinnefigurar kledde i den rådande moten på frå tida då huset vart bygt.
I hellinga ned mot fjorden vart det opparbeidd ein vakker park med stiar, lysthus og framande treslag. Den nedgrodde, gamle hagen vart restaurert av kunstnarparet Inge Rotevatn og Siv Jørstad. I 1974 flytta dei inn på Leikvin, som då hadde stått ubrukt i 17 år og var prega av forfall. Etter eit stort restaureringsarbeid fekk dei etter ei tid kjøpe eigedomen av Eid kommune for ein symbolsk sum.

Leikvin Kultursenter

I 1976 opna Siv Jørstad og Inge Rotevatn "Leikvin Kultursenter", som i kring 20 år var eit av dei viktigaste sentra i fylket for kunstutstillingar, konsertar og andre kulturarrangement.

MEIR OM EID 
Eid kommune

 
Aviser og media i Eid
Historia i Eid
Industri og næring i Eid
Kjende personar i Eid
Kommunehistoria i Eid
Krigshistoria i Eid
Kyrkjer i Eid
Samferdsle i Eid
Skular i Eid
Verd å sjå i Eid

 
Video frå Eid
Lyd frå Eid
SE OGSÅ
LENKER

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no