Heimlid ungdomslag
vart skipa i Brønareimsgrenda på Breim kring 1880 som ei fylgje av
Jakob Hjelmeset sin skule der. Det var dette laget som i 1883 også fekk i stand den spesielle Bredheims Tobaksafholdsforening (sjå
Tobakk-avholdsforeninga).
Kjende personar i Gloppen fødde år 1850-1900
Seinare vart ungdomslaget "Samhald" skipa, og noko seinare ungdomslaget "Heimlid". Det bygde i 1934 ungdomshuset "Breidarheim" på Byrkjelo saman med Eggedalen Ungdomslag og losje "Vora".
Heimlid ungdomslag skipa også sitt eige musikklag med Per A. Støyva (sjå
Kjende personar i Gloppen fødde år 1850-1900) som leiar.
Nordstrand ungdomslag
vart skipa i 1893, og dekte bygdene på nordsida av Gloppefjorden. Seinare vart det skipa eigne ungdomslag i skulekrinsane på nordsida.
Sandane ungdomslag
vart skipa i 1896 og bygde i 1911 ungdomshuset Vonheim. Det fekk tilbygg i 1926, og gjekk same året saman med losje "Trofast" i drift av kino i bygget. I 1927 skipa laget saman med andre organisasjonar til ei stor varemesse på Sandane.
Indre Gloppen ungdomslag
vart skipa i 1896, og dekte m.a. grendene Ryssdal og Bolset.
Årdal ungdomslag
i Breim vart skipa i 1896, laget bygde eit lite ungdomshus i siste halvdel av 1940-talet. Her var det også badstove.
Eggedalen ungdomslag
i Breim vart skipa i 1897, og bygde i 1934 ungdomshuset Breidarheim på Byrkjelo saman med andre lag i bygda.
Bukta ungdomslag
vart skipa i 1898.
Hyen ungdomslag
vart skipa i 1899.
Sudstrand ungdomslag
vart skipa truleg før 1900, og bygde ungdomshus i 1927. Laget skipa også idrettslaget "Brodd".
Nesstrand ungdomslag
i Breim vart skipa i 1901.
Straume ungdomslag
i Hyen vart skipa i 1901. I 1929 kjøpte laget det gamle skulehuset på Straume og innreidde det til ungdomshus, men bygde nytt hus på 1950-talet.
Breim ungdomslag
vart skipa i 1902 etter opptak frå
Gabriel Reed. Han hadde sidan 1897 skipa til "Brekkestemna" på Utvikfjellet, og laget tok seg seinare av dette årvisse stemnet saman med Utvik ungdomslag.
Breim ungdomslag bygde ungdomshuset "Breimshallen" i 1929. Denne vart mykje utvida på 1970-talet, og har på 1990-talet vorte brukt m.a. til dei godt vitja "Breimsrevyane".
Austrheim ungdomslag
vart skipa i 1906 ved at krinsen vart skilt frå Nordstrand ungdomslag. Den første tida heitte laget "Indre Nordstrand Ungdomslag", men endra namn i 1908. Laget bygde ungdomshuset Gimle i 1931.
Nesjane ungdomslag
på Hestenesøyra vart skipa i 1933.