|
|
|
|
Leksikonredaktør:
Nettansvarleg:
Distriktsredaktør:
Copyright:
NRK Sogn og Fjordane
|
|
| |
Skular i Eid: Skulehus på Eid - brann og nybygg | Det kombinerte skulehuset på Nordfjordeid i 1971. Bygget brann ned i 1974. (Foto: NRK) |
Nordfjordeid fekk sitt første faste skulehus kring 1865. Det vart reist ved Fargargrova like ved kyrkja, men vart rive i 1924 og flytta til Roti som ungdomshus. Publisert 05.01.2004 09:58. Oppdatert 19.05.2004 13:27.På tomta etter det første skulehuset vart det så reist eit stort, kombinert skulehus som romma folkeskulen i 1. etasje, Eids Gymnas i 2. etasje og Eid realskule i 3. etasje. I kjellaren var det skulekjøkken. Både dette og det kombinerte huset for folkehøgskule og kommuneadministrasjon på Myklebust var teikna av Anders Karlsen frå Eid og bygt av byggmeister Henrik Halse frå Stårheim.
I 1959 vart det reist eit tilbygg til Eid skule som m.a. inneheldt gymnastikkrom og klasserom for realskulen. Dette bygget er framleis i bruk av Eid vidaregåande skule.
Skulehusa brann nedPå 1970-talet brann begge dei store skulebygga frå 1920-talet ned: Rådhus/skulebygget på Myklebust (på folkemunne kalla "Knoken") i 1972, og Eid gamle skule i 1978.
Nybygg på MyklebustMen alt i 1965 hadde folkeskulen på Nordfjordeid flytta over i nybygg på Myklebust, der kommunen hadde sikra seg eit stort område på kring 140 dekar til framtidig skuleutbygging. Då dette vart teke i bruk, vart skulekrinsane Os, Hundeide, Sørland og Torheim lagde ned og sentraliserte til Nordfjordeid. I 1970 vart også borna i Lote krins overførde til Nordfjordeid, sjølv om dennne bygda heilt fram til 1992 høyrde til Gloppen kommune. Det same skjedde med Hennebygda, der skuleborna vart overførde til Nordfjordeid i 1981.
Nordfjordeid skule vart utvida i 1991 med fleire klasserom, og ein paviljong for skulefritidsordninga i 1997.
SE OGSÅ
|
|
Finn fram i Fylkesleksikonet!
|
|
| |
|
SOGN OG FJORDANE FYLKE, TEMASIDER
|
|
|
Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå.
Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.
| |
|
Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?
| |
|
Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.
| |
|
Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.
| |
|
I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?
| |
|
Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.
| |
|
Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.
| |
|
I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
| |
|
|
|
|