Tidleg ute med fråhaldslag
Eit av dei første fråhaldslaga i Sunnfjord vart skipa i Bremanger - truleg i Kalvåg, men fleire opplysningar vantar.
Frøyen Kvindeforening
vart skipa i 1865 som den første misjonsforening i Bremanger. Den vart på folkemunne kalla "gamleforeninga" fordi dei fleste medlemane var eldre kvinner.
Losje Frøya
i Kalvåg vart skipa i 1895.
Losje Våren
i Bremanger vart skipa i 1897.
Ålfot ungdomslag
vart skipa i 1897. Før det hadde det vore såkalla "leselag" i bygda. I 1914 reiste laget bautastein for dei som fall i krigen 1807-1814.
Ungdomslaget "Framover"
vart skipa på Kjelkenes i 1898. Det fekk skipa Gulen Folkeboksamling i 1899, og samla frå 1899 inn pengar til kyrkje i Midtgulen. Saman med losje "Andror" bygde laget ungdomshuset "Trudvang" i 1930.
Losje Havrók
i Bremanger vart skipa i 1898.
Vestlandske Indremisjonsforbund i Bremanger
Medan dei andre misjonslaga i Fjordane kring 1900 vart medlemmer av Det norsk lutherske Indremisjonsselskap, melde misjonslaga i Bremanger og kring Dalsfjorden seg inn i Det Vestlandske Indremisjonsforbund, etter at dette i 1898 braut ut av den meir kyrkjetilknytte misjonsrørsla.
- Les meir om dette under Sogn og Fjordane fylke:
Kristelege lag og kristelege rørsler.
Ålfoten idrettslag
vart skipa i 1904.
Davik Skyttarlag
vart skipa i 1905.
Ungdomslaget "Ungskogen"
i Rylandspollen vart skipa i 1909. Etter ein passiv periode vart laget skipa på nytt i 1921. Laget bygde ungdomhus kring 1950.
Davik sanitetsforening
- seinare Davik sjukerøktlag - vart skipa i 1914 etter opptak frå prestefrua Amalie Eide.
Losje Andror
på Kjelkenes vart skipa i 1914.
Norske Kvinners Sanitetsforening
– Sjå Sogn og Fjordane fylke – samla oversyn over medlemsforeningar i NKF under
Norske Kvinners Sanitetsforening.
Havdur Ungdomslag
i Bremanger vart skipa i 1918. Det heitte den første tida Førdspollen ungdomslag. Saman med andre ungdomslag på øya skipa laget i mange år til fjellstemne. På 1950-talet bygde laget ungdomshus.
Losje Maritind
i Svelgen vart skipa i 1919.
i Svelgen vart bygd i Vågen i 1920 og var fram til smelteverket bygde Svelgen Samfunnshus i 1961, det einaste større forsamlingslokale i Svelgen.
Davik Musikklag
vart skipa ca. 1920 av Birger Rosenlund.
Berle Ungdomslag
vart skipa i 1921.
Rugsund ungdomslag
vart skipa i 1921.
Svelgen Songlag
vart skipa i 1927.
Kalvåg Hornmusikk
vart skipa i 1927. Hornmusikklaget vart avløyst av skulemusikken då den vart skipa i 1963.
Skipa i 1930, og har sidan vore ein sentral organisasjon i industribygda.
·
Idrettsanlegg i Svelgen
Svelgen Hornmusikk
vart skipa kring 1935.
Bremanger Idrettslag
vart skipa i 1945. I 2006 vart idrettshellen Bremangerhallen teken i bruk. Hallen vart reist med stor dugnadsinnsats frå bygdefolket, og ei innsamling gav 1,3 millionar kroner til hallen. 500.000 kroner av dette var ei gåve frå Bremanger Sanitetsforening.
Botnane Bonde og Småbrukarlag
vart skipa i 1946.
Davik Idrettslag
vart skipa i 1948 og nystarta 1968.
Berle Idrettslag
vart skipa i 1951.
Isane Idrettslag
vart skipa i 1953.
Svelgen Røde Kors
vart skipa i 1958. Laget kjøpte den gamle sjukestova som vart reist under spanskesjuka i 1918, pussa det opp og og nyttar huset som klubblokale.
Svelgen Samfunnhus
vart bygd i 1961 av Bremanger Smelteverk – sjå artikkelen
Bremanger Smelteverk - hjørnesteinen i kommunesenteret.
Kalvåg skulemusikk
vart skipa i 1963.
Svelgen skulemusikk
vart skipa i 1964.
Leirgulen Idrettslag
vart skipa i 1977.
Bremanger Songlag
vart skipa i 1977 etter opptak av Rune Ervik.
Keipen Turlag
vart skipa i 1990. Turlaget dekkjer Bremanger kommune og har namnet sitt etter det 1382 meter høge fjellet Keipen på grensa mellom Bremanger og Flora kommunar.
Bremanger Musikklag
vart skipa i 1996.