SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Krigshistoria i Nordfjord

Det gamle vetesystemet i Nordfjord

Ulvedalsveten. (Foto: Torje Bjellaas, NRK)
Ulvedalsveten. (Foto: Torje Bjellaas, NRK)

Den eldste og raskaste måten å varsle ufred på i gamle dagar, var å tenne vetar. Vetane stod oftast på høge fjell med vidt utsyn.

Publisert 09.01.2004 11:45. Oppdatert 21.12.2006 09:01.
Lyset frå bålet vart fanga opp av vardevakter på andre vetepunkt som tende sine bål, og slik kunne varselet nå frå landsende til landsende på berre få dagar.

Håkon den gode

Det var Håkon den gode (945-961) som fekk organisert eit landsomfemnande varslingssystem med vetar, men ein reknar med at det fanst meir lokale veterekkjer tidlegare. Systemet var i bruk heilt fram på 1800-talet.

Vetestova ved Ulvedalsveten. (Foto: Torje Bjellaas, NRK)
Hovudvarslinga på Vestlandet gjekk med vetar som vart tende langs kysten. Når vetevaktene innover fjordane såg bålet brenne på fjelltoppen ute ved kysten, vart rekkja av vetar tend innover så langt kvar rekkje nådde. Svenskegrensa og innlandsdalane vart dekte med tilsvarande veterekkjer.

Varte 800 år

Sidan vetane var i bruk som militært varslingssystem i minst 800 år er det truleg at plasseringa og talet har variert ein god del gjennom tidene. Langs kysten og til midtre Nordfjord er det registrert vetar på fylgjande punkt:

I Bremanger kommune: Smørhamn, Steinfjellet på Bremangerlandet og Vardeheida ved Davik. Det er også mykje som tyder på at veten i dette området kan ha lege på Ugleneset ved garden Askeland. Dette er eit nes som er godt synleg både innetter og utetter fjorden. Det var nemleg ikkje uvanleg at vetane låg på nes heilt nede i sjøkanten – berre staden fylte vilkåra for å vere godt synleg frå dei næraste vetepunkta ikring. Slike lågtliggjande vetar fann ein elles på fjellet Kletten like ved Måløysundet, og på Hamre i Leikanger i Sogn.

I Vågsøy: Husevågøy, Einevarden, Veten ved Måløy, Hanekammen aust for Ulvesundet og Tofteveten ved Almenning.

I Selje: Kjerringa, Veten, Seljeøya (Ildsehaug) , Revjehornet (Signalen) og truleg ein stad til.

Eid: Taklo-veten på Hundeidsfjellet.
Frå Taklo-veten delte signalet seg vidare innover fjorden i tre liner:
Den nordlege gjekk frå Taklo-veten til Åsebønakken ved Heggjabygda og vidare til Ytrehornsnakken i Hornindal.
Den midtre varslingslina gjekk frå Taklo-veten til Dimma, derfrå til Ulvedal ved Blakset (sjå Ulvedals-veten og vetestova), Vinsrygg i Stryn, Auflemfjellet i Olden og Skor i Oppstryn.

Den sørlege lina gjekk frå Taklo-veten til Vetehornet i Breim, og derfrå til ein vete på Sørstranda i Gloppen.

Vetestover

Vardevaktene vart innhyste i små vetestover. Den opphavlege vetestova er teken godt vare på i Ulvedal (Ulvedals-veten og vetestova), og på Ytrehornsnakken og Vinsrygg er vetestover rekonstruerte i nyare tid.

Ulvedalsveten i Stryn. (Foto Torje Bjellaas, NRK)


MEIR OM VÅGSØY 
Vågsøy kommune

 
Aviser og media i Vågsøy
Historia i Vågsøy
Industri og næring i Vågsøy
Kjende personar i Vågsøy
Kommunehistoria i Vågsøy
Krigshistoria i Vågsøy
Kyrkjer i Vågsøy
Samferdsle i Vågsøy
Skular i Vågsøy
Verd å sjå i Vågsøy

 
Lyd frå Vågsøy
Video frå Vågsøy
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no