SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Historia i Eid:

Fornfunna på Myklebust

Skjoldbuler frå skjolda som sto langs skipssida, bronsekjele og figur frå kjelen. Utstilt på Bergen Museum. (Foto: Arild Nybø, NRK)
Skjoldbuler frå skjolda som sto langs skipssida, bronsekjele og figur frå kjelen. Utstilt på Bergen Museum. (Foto: Arild Nybø, NRK)
I åra frå 600 til 1000 e.Kr.f. låg maktsenteret i Nordfjord på Nordfjordeid. Nokre av dei rikaste fornfunna som er gjorde på Vestlandet, vart gjorde på den tidlegare storgarden Myklebust på Nordfjordeid på 1840-talet.

Publisert 12.02.2004 13:27. Oppdatert 08.03.2007 13:31.
LYD OG VIDEO  Lyd Video
På Myklebust budde småkongen, og her vart han og andre i den mektige ætta gravlagde i store gravhaugar. Funna viser at kvinnene hadde ein høg status i denne ætta.

Sjå også: Myklebust - den eldste storgarden


Bronsefigur frå kokekaret. (Foto: Arild Nybø, NRK)

Rike funn

Utgravinga på Myklebust i 1847, og vart leia av arkeologen Anders Lorange frå Bergen Muséum. Myklebustfunnet viste seg å verte det rikaste fornfunnet som til då var gjort i Noreg. Gjenstandane skreiv deg frå yngre jernalder og vikingtida. På Myklebust har det lege i alt fem store gravhaugar. Den største av desse ligg i dag like ved europavegen og vert kalla Rundehogjen. Rundehogjen er fire meter høg og har ein diameter på 30 meter. Opphaveleg gjekk det ei fire meter brei grøft kring haugen.

Stort vikingskip i haugen

Rundehogjen viste seg å vere ei brend båtgrav frå slutten av 800-talet. Her vart det funne naglar etter eit skip som hadde vore 25 meter langt og like stort som Gokstadskipet. Det vart også funne restar etter 29 skjold som hadde hengt på utsida av vikingskipet, og restar etter våpen. Dei brende likrestane etter ein mann på 30-35 år låg i ein prakfull bolle med emaljedekorasjonar. Dei emaljerte hankefesta var forma som mannsfigurar, og inni bollen fann ein restar av spelebrikker og kammar, og bein etter påfugl. Bollen stammar truleg frå ei kyrkje i Irland.

Er Rundehogjen ei kongegrav?

Med støtte i Snorre Sturlason sine skrifter om Harald Hårfagre og Ragnvald mørejarl sine herjingar i Fjordane, meiner historikarar å finne haldepunkt for at det var antan kong Audbjørn eller broren kong Vemund som vart gravlagd i Rundehogjen – mest sannsynleg kong Audbjørn. – Les meir om hendingane kring Audbjørn og Vemund i artikkelen: Storfolk på Naustdal.
I 1875 vart det i ein annan haug som låg like ved Rundehogjen, og som seinare er fjerna, funne restar etter sverd, økser og andre våpen.

Seks graver i Skjoratippen

Litt lengre aust for Rundehogjen – på den andre sida av europavegen – ligg gravhaugen Skjoratippen der det i 1906 vart reist ein minnestein over funna og utgravingane. Skjoratippen var opphaveleg 32 meter i diameter og 3,8 meter høg. Arkeolog Haakon Shetelig grov ut Skjoratippen i åra 1902–1903 og fann der to kvinnegraver og fire mannsgraver. I gravene vart det m.a. funne restar etter ein båt frå vikingtida, ei mengd våpen og vanlege bruksreiskapar for jordbruk, kjøkenstell og husflid. I kvinnegravene vart det funne perler og andre smykke. Dei fleste gravene i Skjoratippen stammar frå merovingartida, d.v.s. frå hundreåra før vikingtida.
Myklebust lét til å døy ut som maktsentrum for Nordfjord midt på 900-talet, og Stårheimsætta tok då over høgsetet.
Gjenstandar frå Myklebustfunnet er utstilte på Bergen Muséum, og lokalt har det vorte arbeidd med planar om å reise eit muséum over funna på sjølve funnstaden Myklebust.
Gravhaugen Skjoratippen. (Foto: Ottar Starheim, NRK © 2003)

Stor gravhaug på Reksnes

På ytre Reksnes ligg ei av dei største gravrøysene på Vestlandet, men det vart ikkje funne gjenstandar i røysa då det tidleg på 1900-talet vart grave i den.
Det gamle tunet i Kjølsdalen heitte i norrøn tid Myklebustad (Myklebust). I ei branngrav på Holen – der liket vart kremert før gravleggjing - vart det i 1906 funne sverd, spyd og andre våpen og ein dåse av gull, og i Humborstadstranda vart det funne perler og restar av eit skrin i 1909.
Kringom i Eid kommune er det elles m.a. funne våpen og mykje gamal reiskap i ei branngrav på Skaugset ved Hornindalsvatnet. På Hjelle vart det i 1914 funne ei stridsøks og ei saks. På Roti er det funne ein spydspiss, eit økseblad, restar av ei trebytte og eit sverd med restar av forgylling frå yngre jernalder, og aust for Eid kyrkje vart det i 1875 funne to sverd og mykje gamal reiskap.
Det er også funne smykkesteinar i graver på Haugland, Remme og Stårheim.
Frå steinalderen er det relativt få funn i Eid, men ei øks som vart funnen i Vedvik og restar av eit hestebissel frå Leivdal skriv seg frå bronsealderen.

Mange vikinggraver i Hennebygda

I Hennebygda er det funne i alt 12 gravrøyser frå eldre jernalder og vikingtida på ein stad som heiter Indre Skjeret. I ei kvinnegrav frå 400 e.Kr.f. er det m.a. funne perler av rav og glas og ei irsk bronsenål. I mannsgraver er det funne båtsaum, sverd og andre våpen og ulike reiskapar til dagleg bruk på garden.

Sjå også programserien "Glimt frå fortida": Båtane.




MEIR OM EID 
Eid kommune

 
Aviser og media i Eid
Historia i Eid
Industri og næring i Eid
Kjende personar i Eid
Kommunehistoria i Eid
Krigshistoria i Eid
Kyrkjer i Eid
Samferdsle i Eid
Skular i Eid
Verd å sjå i Eid

 
Video frå Eid
Lyd frå Eid
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no