I dette oversynet er berre ulukker med to eller fleire omkomne og ulukker under særlege omstende tekne med.
- Oversynet er under utarbeiding, og dermed ufullstendig.
1861
I 1861 omkom ei kvinne i eit snøskred på garden Skorva.
1869
I 1869 omkom ei kvinne og ein gut i Olsundet då dei havarerte under transport av lyng frå ein av holmane.
1870
Kring 1870 omkom fire menn frå Bulandet under fiske ved Sengskjera.
1870
Kring 1870 omkom to gutar frå Bulandet under fiske ved Buesteinane.
1870
Kring 1870 omkom seks mann på to fiskebåtar heimehøyrande på Bulandet under sildefiske.
1874
Kring 1874 drukna tre menn då dei kollsigla i Aldeosen, to skysskarara frå Olset og ein omreisande emissær.
1880
Kring 1880 omkom ei kvinne og ei jente under taresaniing ved Klovneskjæret.
1880
Kring 1880 omkom tre menn frå Herland under draging av laksenotilar ved Atløy.
I 1885 forliste skonnerten ”Gugner” frå Tønsberg i eit overhendig uvér i Nordsjøen.
1894
2. juledag 1894 drukna to kvinner og ein mann då dei kollsigla på heimveg frå messe i Vilnes-kyrkja. Ein gut berga seg på kjølen.
1917
I 1917 forliste D/S "Ramfos" med eit mannskap på 30 vest for Sandøy. Øyfolket berga 29, og 15 fiskarar fekk medalje for edel dåd.
1927
I 1927 brann to arbeidarbustader ved aluminiumsverket A/S Stangfjord Elektrokemiske Fabriker ned til grunnen, og ni familiar med i alt 50 menneske vart huslause. Brannen starta etter feil bruk av bensin i staden for olje på eit kokeapparat.
Folk måtte hoppe ut av vindauga for å berge seg, men ingen kom til skade.
Den 29. oktober 1929 grunnstøytte det største passasjerskipet i Norge ved Staveneset i regn og sørvestleg storm.
1977
Veslejulaftan 1977 omkom fire unge kvinner frå Askvoll då dei køyrde ut i Jølstravatnet ved Juklestad.
I 1990 omkom fem personar då eit helikopter havarerte i det høge fjellet på Alden.