Landhandlar og handelsstader i Vågsøy kommune.
OMTALAR ETTER ETTER STARTÅR:
Rasmus D. Halvorsen
frå Stårheim starta landhandel i Vågsvåg i 1869 og bygde ut stor handelsverksemd med damskipskai, sjøbuder og losjihus. Han var postopnar og telegrafstyrar, og dreiv tilsvarande verksemd også på Stårheim (sjå
Rasmus D. Halvorsen under Eid kommune).
Vaagsøy Forbruksforening
starta i 1871 handel i ei sjøbu på Skram med Valdemar Ellingsen som styrar. I 1882 overtok
Ulf Lem denne sjøbuda og butikken.
Abraham Elifsen Skram
starta i 1881 handel på Skram i Måløy, men gav seg etter eitt år.
Starta i 1883 handel i Barmen i Selje, frå 1886 på Raudeberg. Her bygde han opp landhandel, agenturforretning, damskipsekspedisjon og var postopnar.
Kristen J. Sunde frå Jølster starta landhandel i Måløy i 1895. Han var medskipar av
Nordfjord Torskemel- og Guanofabrik A/S på Trollebø i 1904 saman med kjøpmann Erik Fønstelien.
O.L. Solheim landhandel
i Vågsvåg vart starta i 1897. Seinare overtok sonen Laurits Solheim landhandelen og dreiv til slutten av 1930-talet.
Søren M. Wedderhus
starta landhandel på Skram i Måløy kring 1901. Sjå
Første fiskebudene i Måløy.
Olaf Refvik
starta landhandel og fiskehandel i Refvik i 1901. Han dreiv også gard og var i tillegg lensmann i Nord- og Sør-Vågsøy kommunar.
Jonas Brobakke
starta landhandel på Bryggja i 1905. Johan Lothe frå Hestenesøyra vart tilsett som butikkbetjent, og tok over handelen i 1930. I 1938 bygde Lothe nytt forretningsbygg. Johan Lothe dreiv handelen til han gav seg i 1995, 85 år gamal.
Johan Lothe
landhandel, Bryggja. Sjå Jonas Brobakke 1905 ovanfor.
Peder Kristensen
starta i 1906 landhandel på Raudeberg. I 1930 overtok John Rutledal og dreiv vidare under firmanamnet P. Kristensens Eftf. til kring 1970.
Moldøens Handelssamfund
dvs. Maaløy Handelsforening skipa 1907.
J. Steenslid AS vart starta som landhandel i 1907 av Johan Stenslid frå Haugen i Eid. Han bygde også ut trelasthandel.
Sakarias Dybedal
frå Selje starta landhandel i Almenning i 1908. Han vart poststyrar og dampskipsekspeditør og bygde kai i 1917. Sonen Olav tok over 1938 og bygde ny butikk i 1941, medan systera Gunvor tok over posten etter 2. verdskrig. Olavs son Audun tok over butikken i 1955. Dybedal slutta med daglegvarer i 1985, og har sidan drive sal av sprengstoff og boreutstyr, kunstgjødsel og fôrmjøl. Verksemda vart omgjort til AS i 1995.
Peder M. Midthjell
starta landhandel på Seternes i 1909.
Kr. Antonsen
starta i 1911 landhandel på Raudeberg. Firmaet dreiv også trelasthandel.
Brunsviks Eftf. er eit av dei eldste handelshusa i Måløy, og er framleis i drift.
Ivar Starheim
starta i 1914 landhandel på Raudeberg. Han vart også dampskipsekspeditør for Fylkesbaatane og Vestlanske Dampskipsselskap, og dreiv salting og eksport av sild. I 1918 bygde han ny butikk og sjøhus i 1922, men konsentrerte etter kvart verksemda om landhandelen.
grunnlagt 1915 av Olav Skipenes frå Nordfjordeid. Firmaet hadde også agentur på m.a. daglegvarer.
starta landhandel på Skram i 1918.
Andreas Vaage
starta landhandel i Vågsvåg i 1921. Han dreiv slutten av 1950-talet.
Bernhard Tunold starta bakeri på Bryggja i 1924 ei leigde lokale. I 1951 tok sønene Ottar og Morten Dag over bakeriet, og satsa også på daglegvarehandel i eige nybygg på Bryggja i 1960.
Alv Aalen
overtok i 1924 ein landhandel som var starta nokre år tidlegare på Bryggja av ein mann med etternamn Sjølset. Svogeren til Aalen, Jens Aasen, dreiv også butikken ein kort periode før Aalen overtok. I 1960 bygde Aalen nytt forretningsbygg, og same året overtok sonen Oddmund butikkdrifta under firmanamn Alv Aalen Eftf. I 1998 overtok sonen Arve Aalen daglegvarebutikken.
Klara Sefland
starta landhandel på Raudeberg i 1935 under firmanamn Klara Sefland AS. Butikken dreiv ho saman med ektemaken Leidulf Sefland.
Leif Wåge
starta i 1935 landhandel i Vågsvåg i nybygd forretningsbygg. Han dreiv butikken til kring 1990.
Magnus Berg og Monrad Eide
starta i 1939 landhandel på Raudeberg under firmanamn Berg & Eide. Dei selde manufakturvarer og konfeksjon, og dreiv også sal av olje til fiskeflåten.
Nord-Vågsøy Samyrkelag
skipa 1944.
Reinhardt Kvalheim
starta kring 1945 landhandel i Deknepollen. Sonen Olav tok over butikken i 1952, deretter hans syster Agnes Nord som dreiv den til kring 1980.
Måløy Samvirkelag
skipa 1946. Gjekk konkurs kring 1960.
Bryggja Handelslag
Starta i 1947. Handelslaget gjekk seinare inn i Nordfjord Handelslag/Coop Nordfjord, som i 1983 kjøpte nabobutikken til Tunold (sjå
Bernhard Tunold bakeri). Coop-butikken på Bryggja vart lagd ned i 2006.
Kvamme og Oppedal
daglegvareforretning vart starta av Sivert Kvamme og Isak Oppedal på Gotteberg i 1952. Isak Oppedal hadde då drive landhandel i heimbygda Torskangerpoll i nokre år. Sivert Kvamme dreiv forretninga til 1972.
Anne og Arvid Oldeide
starta landhandel i Holvik i 1956. Endre Oldeide har seinare teke over leiinga av butikken.
Severin Tennebø
starta landhandel på Tennebø i 1954. Sonen Steffen Tennebø tok over i 1958 og dreiv fram til butikken vart lagt ned i 1985. Han hadde også bensinstasjon. Steffen Tennebø dreiv frå 1969 til 1973 filial ved det gamle ferjeleiet i Deknepollen.
Almenningbutikken AS
vart starta av Dag Almenning m.fl. i Almenning i 1996, då Audun Dybedal (sjå Sakarias Dybedal lenge oppe) gav seg med daglegvarer. Almenningbutikken vart avvikla i 2002.
Første varehuset i ytre Nordfjord då det stod ferdig med 1. byggetrinn i 1997. Med andre byggetrinn i 1998 har Måløy Brygge eit samla areal på 6000 kvadratmeter.