Fekk agentur på båtmotorar og drivstoff i den første tida då fiskeflåten la om frå segl til motordrift. Sonen
Sverre Skibenes kom med som kompanjong, og i 1923 kjøpte han saman med Arnfinn Osmundsvaag ei tomt på Gotteberg der dei bygde eit stort bunkersanlegg (oljelager) som forsynte fiskeflåten med drivstoff. Anlegget vart drive i regi av A/S Vestlandske Petrol.
Skibenes bygde eige forretningsbygg ved Gate 1 på 1920-talet, og dreiv også ei tid post- og passasjerruter på Nordfjord med mindre båtar.
Firmaet hadde også agentur på m.a. daglegvarer.
Dreiv linebåten «Berlesund» på 1960-talet.
I 1940 starta Sverre Skibenes
Måløy Radioforretning saman med Bjarne Osmundsvåg.