Johan Nicolay Cappelen (1818–1890). Frå Flekkefjord, busett på Sæternes i Måløy. Lege og politikar.
Kom først til Måløy som huslærar hjå familien Ravn på Moldøen. Her vart han gift med Sofie Elisabeth Brunchorst Ravn i 1852. Etter avslutta studiar, starta han privatpraksis på Moldøen. Cappelen vart tilsett som den første distriktslegen i Ytre Nordfjord frå 1858-1883. Han fungerte også som korpslege for militære på Nordfjordeid.
Han sat 11 år i Selje kommunestyre og gjorde mykje for å bremse brennevinshandelen. Første dampskipsekspeditøren i Måløy frå ca. 1850.
Saman med lensmann
Arnoldus Hess Lem kjøpte han fugleværet Klovningen ytst i Vågsfjorden. Øya vart i 1897 skøytt til Einar og Audun Lem.
– Svigerfar til handelsmann
Ulf Lem og distriktslege
Einar Strand. Sistnemnde tok over Cappelen-eigedomen på Sæternes.
Som ung medisinarstudent måtte Cappelen vere medisinsk rettsvitne til ei halshogging av ein dødsdømd unggut på Akershus festning. Denne opplevinga, fortalde Cappelen, fylgde han som eit mareritt resten av livet, og gjorde at han ofte stridde med psykiske problem.