|
|
|
|
Leksikonredaktør:
Nettansvarleg:
Distriktsredaktør:
Copyright:
NRK Sogn og Fjordane
|
|
| |
Industri og næring i Bremanger: Handel og gjestgiveri på Dombestein | "Wiesehuset2 |
Aust for Davik ligg den vesle grenda Dombestein. Eit vakkert hus med halvvalma tak står framleis og vitnar om fordums stordom: "Wiesehuset" er frå 1780 og ligg like ovanfor riksvegen på Dombestein. Publisert 16.06.2004 11:15. Oppdatert 27.12.2006 08:43.Les meir om Wiese-folket under:
· Storgarden Gjerde
· Handelsstaden Osmundsvåg
· Handelsstaden Moldøen
· Handelsstaden Rugsund
Ein kjenner til at det var både vanleg handel og sal av brennevin på Dombestein i 1790. I 1838 søkte Jørgen Dombestein om å få drive både landhandel og gjestgiveri på Dombestein, men fekk avslag fordi han også ville ha skjenking av brennevin. Jørgen fekk likevel løyve i 1841, men berre til handel - ikkje brennevin. Då Halvor Bø tok over i 1847, må kommunestyret har vorte meir frisinna, for han fekk også løyve til å drive gjestgiveri med brennevinskjenking.
Frå 1850 var det Johan Chr. Wiese som dreiv handel og gjestgiveri på Dombestein. Her var det også skysstasjon, og Dombestein vart mykje nytta som "mellomlanding" for fiskarar og jektefolk som siglde ut og inn fjorden. Nede ved sjøen låg det to store buder, og framleis kan ein finne att steinkara etter desse sjøhusa.
Andre generasjon Wiese, Peter C. Wiese, flytta i 1893 til Rugsund og overtok det gamle handelssetet der.
SE OGSÅ
|
|
Finn fram i Fylkesleksikonet!
|
|
| |
|
SOGN OG FJORDANE FYLKE, TEMASIDER
|
|
|
Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå.
Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.
| |
|
Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?
| |
|
Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.
| |
|
Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.
| |
|
I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?
| |
|
Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.
| |
|
Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.
| |
|
I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
| |
|
|
|
|