|
|
|
|
Leksikonredaktør:
Nettansvarleg:
Distriktsredaktør:
Copyright:
NRK Sogn og Fjordane
|
|
| |
Senterpartiet i Sogn og FjordaneI 1920 vart det vedteke at Norsk Landmannsforbund (skipa 1896) skulle gå over til å verte eit politisk parti med namnet Bondepartiet. I 1959 skifta partiet namn til Senterpartiet. Publisert 28.09.2004 12:22. Oppdatert 13.03.2006 11:02.Bondepartiet i Sogn og Fjordane vart skipa den 18. februar 1921. Første formann vart Rasmus Bruvoll frå Olden. Olav Karstad, som også vart kjend som arkitekten bak skipinga av Vestlandske Salslag i Førde og mangeårig styrar ved Mindresunde landbruksskule, vart første sekretær.
Lensmann Anfin Anfinson Øen i Vik vart første stortingsrepresentant for Bondepartiet i 1922. Han hadde tidlegare representert Venstre på Stortinget.
To lokalaviser i fylket var partiaviser for Bondepartiet: Sogns Avis som kom ut i Vik, og Firda Tidend på Sandane.
Bygdefolkets Ungdomsfylking - Senterundomen - organiserte seg med eige lag i byrjinga av 1950-åra. Ingebrigt Lindvik frå Eid vart tilsett som den første løna fylkessekretæren, og fungerte fram til 1936 då Eirik Rygg, Gloppen overtok fram til 1949. Frå 1949 til 1956 var Ingebrigt Eri, Lærdal, fylkesekrætær, og frå 1956 var han også fylkesformann i mange år. Reidar Mardal, Gloppen, var fylkessekretær frå 1956 til 1994. Sidan 1994 har Per Rune Vereide, Gloppen, vore fylkessekretær.
SE OGSÅ
LENKER
|
|
Finn fram i Fylkesleksikonet!
|
|
| |
|
SOGN OG FJORDANE FYLKE, TEMASIDER
|
|
|
Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå.
Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.
| |
|
Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?
| |
|
Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.
| |
|
Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.
| |
|
I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?
| |
|
Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.
| |
|
Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.
| |
|
I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
| |
|
|
|
|