Ved det første direkte valet til fylkesting i 1975 vart det ei såkalla «upolitisk» liste som kalla seg «Valliste for desentralisert utbygging i Sogn og Fjordane». Lista vart på folkemunne kalla «Fure-lista» fordi det var sentralsjukehusmotstandaren frå Selje som både organiserte og toppa lista.
Dette er pr. 2004 den einaste lista som har vorte stilt til fylkestingsval, som ikkje har vorte stilt av politiske parti.
|
Julius Fure. Foto: NK |
Sjukehuskampen
Fure-lista var eit direkte resultat av den bitre sjukehusstriden som hadde rasa i fylket frå 1968 og utover 1970-talet - sjå:
Sjukehusstriden 1967–1972. Ordførar og Høgre-mann Julius Fure i Selje hadde markert seg som ein sterk talsmann for bevaring av lokalsjukehusa. Ved nominasjonen i Høgre måtte Julius Fure vike plassen for den erfarne Vågsøy-politikaren
Leif Iversen på sikker plass på Høgre-lista.
Julius Fure fekk då organisert «Valliste for desentralisert utbygging i Sogn og Fjordane». Lista fekk inn fem representantar på fylkestinget 1976–1979: Julius Fure, Selje, Kjellaug Igland, Bremanger, Einar Stavrum, Høyanger, Gunnvor Grov Sørdal, Vik, og Ingvald Ødegård, Bremanger.
Lista eksisterte berre denne eine valperioden, og i den neste valbolken var Julius Fure tilbake i Høgre.