Heilt sidan 1600-talet har det budd borgarar med rett til å drive handel i Sjøatunet på Oldeøyra, som ligg på austsida av elvemunningen av Oldenelva.
|
Olden. Foto: Heidi Lise Bakke, NRK. |
Her ligg også den gamle kyrkjestaden, og frå gamalt av hadde folket oppover dalen ein teig ved elvemunningen – almenning - avsett til hestebeite. I 1715 vart det kremmaren på Tonning i Stryn,
Peder Pederson Tonning som tok over handelsstaden i Olden og starta skjenkestove og gjestgiveri. Men han var ikkje den einaste som dreiv skjenkestove på staden: Rasmus Hallsteinsson Beinnes hadde vore i krigsteneste hjå Kongen, og fekk i 1720 løyve til skjenking av brennevin. Det var ikkje uvanleg at veltente soldatar fekk slike privilegium som påskjøning i dei dagar.
Prøvde på beinkrok
Rasmus Beinnes freista å setje beinkrok for konkurrenten ved å hevde at Tonning let ei dansk kvinne stå for skjenkinga i Olden. Enkja etter Rasmus Beinnes gifta seg oppatt med Arne A. Eide, som vart gjestgjevar i 1734.
Påstand om ulovleg spritsal
I 1767 overtok Kristen Olson Faleide skjenkestove og gjestgiveri. No var det Tonningane sin tur til å klage på konkurrenten, som dei hevda også selde sterke varer til innanbygds folk, noko dei ikkje hadde løyve til.
Mange eigarar før Yri
Neste eigar av gjestgiveriet på Oldeøyra var Rasmus A. Drageset i 1786, deretter korporal Johannes R. Melein frå 1804, Evert Petterson frå 1837 (han starta også handel då handelprivilegia vart oppheva i 1844), Ingebrigt J. Beinnes frå 1847, bergensaren Jørgen Dittmar Osenbroch frå 1854, og så ein kort periode lærar og handelsmann Anders R. Nygård før den kjende hotellbyggjaren
Vilhelm Yri overtok i 1874.
Les meir om Yri og eigedomane hans under
Yris Hotell i Olden.