|
Stryneelva (her i flaum) og laksen i elva lokka dei første turistane til stryn. Foto: Roger Vik. |
Dei første engelske ”lakselordane” dukka opp i Indre Nordfjord på 1860-talet. Første sportsfiskaren i Stryn, skotten mr. James Cowan, leigde Stryneelva for 10 år i 1874.
Han budde fast på
Storgarden Vik. (Då bonden i Vik gjekk fallitt, sikra mr. Cowan seg ei stor sølvkanne på tvangsauksjonen!).
Oldenelva vart frå 1871 leigd av engelskmannen Mr. Edm. Byron, som bygde seg sommarhus på Brynestad. Her budde han fram på 1890-talet og hadde m.a. keisar Wilhelm II av Tyskland og kong Oscar II av Sverige/Noreg som gjester. Då amerikanaren
William Henry Singer jr. kom til Olden i 1912, leigde han fisket i Oldenelva.
Klepparlegende frå Olden
- Ein legendarisk kleppar frå Olden var Halstein Halsteinson Muri, som var kleppar for engelske sportsfiskarar fleire stader på Vestlandet. Engelskmannen J. Arthur Hutton gav ut boka ”The Reminiscences of Halstein Muri” om den kjende klepparen sine merittar.
Hotella lokka med laksefiske
Alexandra Hotell leigde i 1893 Loenelva for 100 kroner pr. år, og baud hotellgjestane gratis laksefiske. Det var heller ikkje uvanleg at rike laksefiskarar kjøpte opp gardar som hadde fiskerett i elvane. Det skjedde både i Lærdal, i Osen i Gaular og i Stryn: I 1906 kjøpte konsul Joh. Gran frå Bergen eit bruk på Kyrkjeeide. Då han tre år seinare selde det, heldt han unna fiskeretten i Stryneelva til seg sjølv.
Amerikanar leigde heile Stryneelva
Like ved Gjørvenfossen i Stryneelva ligg den kjende sportsfiskarvillaen ”Lysvoll”, som vart bygd av Sivert Jonson Strauri 1892 like nedanfor Gjørvenfossen for utleige til rike laksefiskarar. Den mest kjende av desse var den rike amerikanaren E. C. Monell og seinare sonen Andy Monell, som leigde heile Stryneelva frå kring 1960 til inn på 1990-talet. Kong Harald 5. er ein av dei som har fiska laks ved Lysvoll.
Fjelklatring og keisarvitjing
Det var også god reklame at kjende fjellklatrar som William Slingsby kom til Nordfjord og klatra Lodalskåpa i 1884. Han hadde ofte fylgje av fjellføraren Lars Janson Batalden (f. 1841 i Flora kommune).
Det gav også god Nordfjord-reklame at den tyske keisar Wilhelm II ofte vitja fjorden med heile sitt fylgje, første gong i 1890. Oscar II av Sverige-Noreg kom på vitjing i 1896.
- Sjå elles oversynet
Kongevitjingar i Stryn.