Brotsverk kan få store konsekvensar, og i Stryn er det eit døme på det. Tjuveri av litt smør og eit tøystykke førde til at storgarden Vik skifte eigar.
Vann storgarden Vik etter tjuverisak
– sjå under
Storgarden Vik.
Heksene frå Oppstryn
Ei segn fortel at tre kvinner – ei av dei frå garden Skåre og ei anna frå Grønfur i Oppstryn – vart brende som hekser på den kjende rettarstaden på Anda i Gloppen, der det no er reist eit minnesmerke over heksebrenninga. – Namn og andre detaljar vantar om heksene frå Oppstryn.
- Les elles meir om hekseprosessar under Gloppen kommune: Heksene på Vora.
Ein vidløftig Stryne-lensmann
Hans Ingebrigtson var gardbrukar på Visnes i Stryn frå 1604, og vart lensmann i bygda. Men han var både stridbar og uvøren: I 1603 fekk han bot for å ha brukt kniv mot Jetmund Brigsdal. Eit par år seinare måtte han svare legermålsbot fordi han hadde hatt kjønnsleg omgang med dottera til Oluf Sunde.
Far drap son?
På Tvinnereim går det ei segn om at Laurits Amundsson Tvinnereim ein gong tidleg på 1600-talet skal ha drepe sin eigen son medan dei var på Skrestølen. Sjølv gjekk Laurits utfor ein hammar ved Laranshilla i 1659 og drap seg.
Bot for stein i smør
I gamle dagar betalte bøndene jordleige og tiende til kyrkja og jordeigararar med naturalia – d.v.s. jordbruksvarer. Det vanlegaste var at oppgjeret gjekk i smør – derav den gamle utmålinga av jordareal og bonitet som ”smørskyld” på dei einskilde bruka.
På garden Frøholm aust for Innvik hadde bonden Morten Rasmusson Frøholm lagt ein stor stein inne i smøret då det skulle vegast inn som betaling i 1643. Svindelen vart oppdaga, og arme Morten fekk bot for svindelen.
Drepen i gildre
Gildre er namnet på ei dyrefelle som antan er utstyrt med sjølvskot eller ein tung fall-lem som drep dyra når dei rykkjer unna ein pinne festa til åta. I 1628 fekk bonden Mattis Antonius Ulvedal frå Ulvedal bot for å ha sett opp ei gildre der sonen hans drap seg. Kva slags fangstmetode som vart nytta i gildra – skot eller fall-lem – er ikkje kjent.
Drap i barnedåp
I 1629 drap Rasmus Jetmundsom Folven i Oppstryn sambygdingen Torstein O. Hjelle medan dei var på Tjellog i barnedåp. Segna fortel at Rasmus rømde, men han slapp frå brotsverket med å svare ei dugande bot.
Drap det uekte barnet sitt
I 1630 vart den unge kvinna Elina frå garden Marsø i Loen avretta fordi ho hadde drepe spebarnet sitt. Dette hadde den ugifte kvinna fått med slektningen Ivar R. Flo. Barn med nærskylde, og attpå til utanom ekteskap, vart straffe med døden i dei dagar. Barnefaren Ivar slapp med ei bot på 30 riksdalar.
Brurefylgje frå Jostedal drukna
I Oppstryn går det ei segn om eit brurefylgje frå Jostedal som hadde kome over breen til vigsle i Oppstryn-kyrkja. På Strynevatnet rende brurebåten på ein stor stein under vassflata. Båten kvelva, og alle ombord drukna. Steinen vert kalla Dåren og ligg ved garden Dårflot.
Seksuelt samkvem med nærskylde vart i gamle dagar ofte straffa med døden – eller dei ”skuldige” hamna i Kongens gruver eller som straffangar i fiskeværa i Nord-Noreg.
I 1714 vart bondekona Anne Andersdotter Sølvberg dødsdømd fordi ho hadde fått tvillingar med svogeren Anders Torbjørnsson Sølberg medan ektemaken var ute i 10-årskrigen.
Kjeftesmelle fekk bot
Lisbet Knutsdotter Eide i Oldedalen fyrte i 1711 av ein verbal salve mot ein av grannane, J. A. Sunde. Ho hadde sagt at han ”raka av kjerringar både hår og hud”. Denslags skuldingar om hekseri og trolldom var straffbart i dei dagar, og Lisbeth måtte svare seks riksdalar i bot.
Brorsdrap i Oldedalen?
I 1809 døydde Eirik Lasseson Oppheim frå Oldedalen. Segna seier at han vart teken av dage av broren i utmarka.
Seksuelle aktivitetar utanom ektesenga kunne straffe seg hardt i gamle dagar.
Kniven sat ofte laust i slira i den tida då folk tura bryllup tre dagar til ende.
Seteltrykkeri i Oldedalen
Bonden Rasmus Mattison Eide i Oldedalen kom i pengeknipe. Ein gong kring 1840–1850 såg han ikkje anna råd enn å trykkje sine eigne tre ort pengesetlar. For dette dømde retten han til 10 års fengsel. Han vart også dømd frå ”æra og liv” og buet lagt under Kongen.
Drepen i bryllaupsgilde
I 1853 vart Anders Jenson Blakset stukken i hel av ein omreisande mann i bryllaupet til systera si, Marte.
Drepen av drengen
I 1882 vart bonden Hans Anderson Rake på Rake i Loen drepen av tenstedrengen sin, Karolus Lohaugen. Bonden var ute og vakta på fjordsilda, men hadde sovna då drengen slo han i hel med ei åre. Han hadde freista å løyne drapet ved å kvelve båten med liket på Lobukta. Men liket vart funne og hadde tydelege sår. Drengen tilstod og fekk fengsel på livstid.
Like før påske i 1979 vart ein tidlegare forretningsmann frå Stryn funnen drepen i villaen sin som låg einbølt nede ved fjorden eit stykke vest for Stryn sentrum.