SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Aviser og media i Lærdal:

Sogns Social-demokrat

vart starta på Lærdalsøyri i 1919, og var den første sosialistiske avisa i Sogn og Fjordane.

Publisert 11.01.2006 09:28.

Bak avisa stod Indre Sogns Arbeiderparti (skipa 1918) og Ytre Sogns Arbeiderparti. I 1918 hadde dei to lokallaga gjeve ut ei valavis med same namn. Mellomskulestyrar Erik Nordberg vart vald til første redaktør, med telegrafstyrar
Johan A. Skjelfjord som forretningsførar. Frå 1920 koma avisa ut to gonger i veka, og same året vart Kr. Bøthun redaktør og A. Offerdal forretningsførar.
I september 1920 tok typograf Kristian Modahl over som redaktør.
Avisa kom ut på Lærdalsøyri fram til 1921, då fylkespartiet vedtok at avisa skulle flytte til Vadheim og endre namn til "Sogn og Fjordane Socialdemokrat".

Over til kommunistane som ”Fritt Folk”

I 1923 bytte avisa namn til ”Fritt Folk”. Denne namneendringa kom etter splittinga av arbeidarrørsla i ei sosialdekokratisk og ei kommunistisk. Etter brotet vedtok fleirtalet i fylkeslaget i Arbeidarpartiet å gå inn i Norges Kommunistiske parti. Sidan fylkesstyret også var bladstyre, vart ”Fritt Folk” frå same tid eit talerør for NKP.

Kommunistavisa "Fritt Folk", som vart flytta til Høyanger i 1924, vert såleis rekna som framhaldet av avisa som starta på Lærdalsøyri. Kristian Modahl heldt fram som redaktør etter at den vart eit reint kommunistorgan.

Fritt Folk hadde dei første åra tilhald i kjellaren i Folkets Hus i Høyanger. Men partikløyvinga i 1923 skapte store spenningar også i den nye industristaden Høyanger. I Fritt Folk kom det stadige åtak på detlokale Arbeidarpartiet. Striden toppa seg i 1928, då avisa vart jaga ut av lokala i Folkets Hus. Verksleiinga med dir. Hans Fredrik Hygen i spissen hadde lånt pengar til bygginga av Folkets Hus, som då var kome i pengenaud. Verksleiinga mislikte sterkt at kommunistavisa fekk gratis lokale i Folkets Hus, og ville ikkje love sanering av lånegjelda før Fritt Folk var jaga på dør. Verket fekk det som dei ville, men Fritt Folk skulda både NACO og Arbeidarpartiet for "politisk korrupsjon". Like etter "utkastinga" gjekk avisa inn.

(Arbeidarpartiavisa Sogn Folkeblad - seinare Sogn Dagblad - vart starta i Høyanger først i 1938).

MEIR OM LÆRDAL 
Lærdal kommune

 
Aviser og media i Lærdal
Historia i Lærdal
Industri og næring i Lærdal
Kjende personar i Lærdal
Kommunehistoria i Lærdal
Krigshistoria i Lærdal
Kyrkjer i Lærdal
Samferdsle i Lærdal
Skular i Lærdal
Verd å sjå i Lærdal

 
Lyd frå Lærdal
Video frå Lærdal
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no