Partiet vart skipa fordi kristelege krinsar på Vestlandet var misnøgde med Venstre. Venstre, som desse krinsane tradisjonelt hadde sokna til, la etter deira meining for stor vekt på materielle verdiar.
- Les meir om sambandet mellom Moderate Venstre og Krf i artiklane
Venstre i Sogn og Fjordane og i biografien til
Jakob Liv Rosted Sverdrup.
Sogn og Fjordane Kristeleg Folkeparti vart skipa i 1936, og fylkeslaget fekk eigen kvinneorganisasjon, KrFK, i 1966. I Sogn og Fjordane stilte partiet første gong liste til Stortingsvalet i 1954 og fekk inn skuleinspektør Hans Ommedal (sjå
Kjende personar i Gloppen fødde år 1900-1930) frå Gloppen som fast representant.
|
John Lillestøl |
I fylkestinget vart ordførar i Vågsøy,
John Lillestøl valt til fylkesvararordførar ved det første direkte valet av fylkesting i 1975. Han hadde vervet til 1983. Alv O. Bergset (sjå
Kjende personar i Stryn fødde år 1925-1950) frå Stryn sat som partiet sin fylkesvaraordførar 1985–1993.