SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Organisasjonar i Sogn og Fjordane:

Sogn og Fjordane Røde Kors

Første Røde Kors-laget i fylket vart skipa i Olden i 1920. Fylkeslag vart det først i 1946.

Publisert 17.01.2006 13:25. Oppdatert 15.06.2006 10:57.

Bakgrunnen for Røde Kors: Etter eit blodig slag ved Solferino i 1859 fekk sveitsaren Henry Dunant (1828–1910) ideen til skipinga av Røde Kors i 1864. Dunant fekk den første Nobels fredspris som vart utdelt i 1901 for arbeidet sitt.

Norges Røde Kors vart skipa i 1865 etter opptak frå statsminister Fredrik Stang.

Første Røde Kors-laget i Olden

I 1920 vart det første Røde Kors-laget i Sogn og Fjordane skipa i Olden etter opptak av hotellvert Inger Yri på Yris Hotell. I det første styret sat Inger Yri, Ingebrigt Beinnes, Rasmus Yri (sjå Kjende personar i Stryn fødde år 1875-1900) og Rasmus Høgalmen.

Fram til 1922 var dei einskilde lokallaga direkte lagde under landslaget, men dette året vart landet delt i fem regionar, der Vestlands-regionen omfatta Bergen, Hordaland, Sogn og Fjordane og Sunnmøre.
I tida frå 1923 til 1929 vart det skipa lokallag på Nordfjordeid og i Askvoll, Førde og Balestrand. Dessutan dekte Sunnfjord Felleskrins kommunane Kinn, Florø, Bru og Eikefjord – det landskapet som no utgjer Flora kommune.
Dei ulike krinsane dreiv Florø sjukehus fram til fylket tok over, dessutan Førde Helseheim i Grovene, Balestrand sjukestove og Vestre Suløy ”sjukehus”.

Søk i snøskred.

Sogn og Fjordane Røde Kors vert skipa

Den 17. oktober 1946 vart regionane omskipa og delte opp slik at dei fylgde fylkesgrensene, og Sogn og Fjordane vart dermed eiga fylkesavdeling innan Røde Kors. Ingvald Offerdal frå Øvre Årdal vart formann i det første styret i Sogn og Fjordane Røde Kors, der dei øvrige styremedlemene var Anna Bydal, Førde, Magne Eide, Måløy, Aage Johansen, Sandane, og Johannes Solem, Høyanger. Kåre Bertelsen vart tilsett som første deltids distriktssekretær.

I 1947 hadde fylkeslaget 892 livsvarige medlemmer og 2569 årsbetalande.

Ingvard Hornnes (sjå Kjende personar i Førde fødde år 1920-1940) vart den første heiltidstilsette distriktssekretæren då han tok til i stillinga i 1977. Hornnes var distriktssekretær til 1994.

Røde Kors i Sogn og Fjordane driv elles hjelpekorps, besøksteneste for eldre og sjuke, og fleire aktive lag i Ungdommens Røde Kors kring om i kommunane.

Drift av sjukehus og pleieheimar

Ei viktig oppgåve for Røde Kors-laga i Sogn og Fjordane dei første ti-åra var bygging og drift av lokale sjukestover og ambulansebilar. Dessutan bygde organisasjonen opp eit lokalt hjelpeapparat for psykisk utviklingshemma fram til Røde Kors- institusjonen Granlia heim og skule vart opna i Balestrand i 1972.

Hauglandsenteret.

Hauglandssenteret

I 1980 arva Sogn og Fjordane Røde Kors eigedomen Haugland i Flekke i Fjaler kommune etter advokat Christian F. Bekker. I 1985 vart Haugland ferie-, fritids- og aktivitetssenter teke i bruk, og i 1992 vart Haugland Helsesportsenter – i dagleg tale kalla Hauglandssenteret - opna av kong Harald V.

- Les meir om Hauglandssenteret under Fjaler kommune.



MEIR OM SOGN OG FJORDANE FYLKE 
Sogn og Fjordane fylke
Fakta om Sogn og Fjordane

 
Fylkesordførarar og fylkesrådmenn
Milestolpar i Sogn og Fjordane fylkeskommune
Statlege institusjonar i Sogn og Fjordane

 
Lyd frå Sogn og Fjordane fylke
Video frå Sogn og Fjordane fylke
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no