SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Organisasjonar i Sogn og Fjordane:

Firda Ungdomslag

Firda Ungdomslag vart skipa på eit møte i Stryn den 7. febuar 1896.

Publisert 17.01.2006 14:01. Oppdatert 28.02.2006 09:51.

I den nasjonale reisingstida på 1870- og 1880-talet vart det skipa ei mengd frilynde ungdomslag kringom i bygdene. Folkeopplysning, nasjonalkjensle, målsak og fråhaldssak stod sentralt i rørsla som hadde sterke band mot partiet Venstre. Firda Ungdomslag vart skipa på eit møte i Stryn den 7. febuar 1896.

Men frøet til dette regionale ungdomslaget var sådd på eit ungdomsstemne som vart skipa til på Sandane i september 1894. Her tala sentrale målfolk som Elias Melvær, Anders Vassbotn, Rasmus Steinsvik og Jon O. Ytrehorn. Lars Reed frå Gloppen vart valt til første formann, og etter eit halvt år overtok Jon Fridtun.
Firda Ungdomslag hadde frå starten innmeld 17 lokallag frå Nordfjord og Sunnfjord med i alt 624 medlemmer.
Kvart lag hadde handskrivne lagsaviser, og dei fleste bygde seg eigne ungdomshus i åra fram mot 2. verdskrig.

Eige foredragslag

Firda Ungdomslag hyrte den første tida inn ein nynorsktalande prest som reiste på foredragsferd kringom i bygdene og mellom anna argumentere for bruk av nynorske salmar i gudstenesta.
I 1909 skipa Firda Ungdomslag Nordfjords Foredragslag som fekk statstilskot til omreisande foredragshaldarar. I 1910 slutta Nordfjord krins av Norges Kristlige Ungdomsforbund (NKUF) seg til Nordfjords Foredragslag. På dei første 12 åra skipa laget til heile 550 foredrag kringom i Nordfjord-bygdene.

Kamp mot runddans, tobakk og alkohol

Firda Ungdomslag arbeidde elles iherdig for å forby rusdrykk frå dansefestane, og tok aktivt del i den nasjonale striden som førde til forbodstida 1916-1927, då mest all lovleg omsetnad av alkohol i Noreg vart forbode. I 1920 vedtok styret samrøystes å arbeide aktivt imot bruk av tobakk. Saman med Nordfjord Distriktslosje oppmoda dei kommunestyra om å få sett forbod mot handel med sigarettar og snus, og røykjeforbod på offentlege møte.
Laget dreiv elles kurs i folkedans for å få ungdomen bort frå den meir moderne runddansen som laget meinte var ”unorsk”.

Firda Gymnas

Firda Ungdomslag spela ein aktiv rolle ved skipinga av Firda Gymnas på Sandane i 1922. – Les meir under Firda Mållag.

Nordfjord Folkemuseum i Jølet på Sandane.

Nordfjord Folkemuseum

I 1907 gjorde Firda Ungdomslag opptaket til skiping av Nordfjord Folkemuseum. Tanken om eit regionalt museum vart kveikt same året av konservator Kristoffer Visted, som i regi av laget hadde halde 14 foredrag om ”Norsk bondekunst og bondekultur” i Nordfjord. I Gloppen var ei lokal museumsnemnd alt i arbeid då framlegget om eit samlande museum for Nordfjord kom opp.
Nordfjord Sogelag vart difor skipa for å arbeide vidare med museumsplanen, men kommunestyra i Nordfjord delte seg på midten då spørsmålet om lokalisering skulle avgjerast: Fire kommunar gjekk inn for Nordfjordeid, og røysta for Sandane. Etter kvass strid fall det endelege valet i 1910 på Sandane, og museet opna i 1920 i Åsen sør for sentrum. Seinare vart det flytta til Jølet like ved Firda Gymnas og Firdahallen.

Eiga gjestestove i Bergen

På siste halvdel av 1800-talet flytta store flokkar bygdeungdom frå Sogn og Fjordane til Bergen og busette seg der. For å hindre at desse vart slukte av bykulturen tok Firda Ungdomslag opp tanken om å skipe eit ”bondeherberge” i Bergen. I 1910 fekk laget handgjeve Sandals Hotell, men fekk ikkje bygdeungdomslaget ”Ervingen” i Bergen med på eit samarbeid om kjøp.
I 1911 innleia så Firda Ungdomslag samarbeid med selskapet Norskt herbyrge som hadde eigedomen Strandgaten 53 på hand, og saman med Sunnfjord Ungdomslag, Firda Mållag og Sogns Ungdomslag vart eigedomen kjøpt og ”Firda og Sygna Herbyrge” opna. I 1916 selde lutlaget eigedomen og kjøpte i staden Smeby Hotell i same gata. Her i ”Firdaheimen” vart mellom anna den kjende kaffistova ”Firdastova” opna i 1917.

Frå slutten av 1950-talet og i nærmare 30 år dreiv Firda Ungdomslag ”Firdakafèen” ved hurtigsrutekaia på Gotteberg i Måløy.

Elles ytte Firda Ungdomslag økonomisk støtte i dei første åra til skiping av Landsbanken, nynorskavisa ”Gula Tidend” og ”Bladmannaskulen” i Bergen.

Firdastemna og Nordfjordsong

Firda Ungdomslag arrangerte kvar sommar Firdastemna kring om i Nordfjord. I 1920 bydde laget ut 1000 kroner i premiar i tevling om ein Nordfjordsong. Mellom 60 innsende framlegg vann lærar Elling Reme (sjå Kjende personar i Stryn fødde år 1850-1875) frå Innvik, med Nordfjordsongen til Amund Mork (sjå Kjende personar i Stryn fødde år 1875-1900) og Helgi Valtysson på andreplass.

Firda Ungdomslag gjekk inn i det fylkesomfemnande Sogn og Fjordane Ungdomslag (SOFUL) i 1991 saman med Sunnfjord Ungdomslag og Sogn Ungdomslag.


MEIR OM SOGN OG FJORDANE FYLKE 
Sogn og Fjordane fylke
Fakta om Sogn og Fjordane

 
Fylkesordførarar og fylkesrådmenn
Milestolpar i Sogn og Fjordane fylkeskommune
Statlege institusjonar i Sogn og Fjordane

 
Lyd frå Sogn og Fjordane fylke
Video frå Sogn og Fjordane fylke
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no