SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Landbrukshistoria i Sogn og Fjordane:

Skogbrukshistoria i Sogn og Fjordane

Landbruksdirektør Per Harald Grue prøver motorsag på Landbruksdagane i Sogndal i 1985.
Landbruksdirektør Per Harald Grue prøver motorsag på Landbruksdagane i Sogndal i 1985.
Sjølv om Sogn og Fjordane ikkje er noko typisk skogfylke, kan einskilde bygder i indre Sogn og indre Nordfjord skryte av å ha noko av den rankaste fureskogen i landet.

Publisert 20.01.2006 09:16. Oppdatert 05.02.2007 14:56.


Dei første oppgangssagene er registrerte i fylket kring tidleg på 1600-talet, og skogsdrift vart god forretning både for griske futar og rike jordeigarar, særleg på godsa i indre Sogn. Frå slutten av 1800-talet vart det sett i gang stor utplanting av gran i dei bratte vestlandsliene, og jamvel ein cellulosefabrikk fekk nokre magre år i fylket før draumen om ei framtid for vestlandsbonden som velståande skogeigar døydde bort.

Skog på Frønningen. Arkivfoto NRK.

Dei første sagbruka

Det var furu som var det viktigaste treslaget som trevyrke på Vestlandet i gamal tid. Det meste av granskogen som vi ser i vestlandsliene heilt ut til dei ytste skjer er planta.
Det er særleg i bygdene kring Hafslo, Kaupanger, Ofredal, Frønningen og Fresvik i Sogn, og Fjaler, Gaular, Førde og Midtgulen i Sunnfjord, og Sandane, Breim, Utvik, Markane, Hornindal, Eidsbygda i Eid og Ålfoten at vi finn dei største fureskogane i dag.
Framleis står dei mange stavkyrkjene i Sogn; Urnes, Kaupanger, Borgund, Undredal og Vik, som trauste vitnemål om kvaliteten i sognatømmeret.
Dei gamle kyrkjebyggjarane kjende vél til den gamle kunsten med å få furestokkane ”fullala” ved å kviste trea heilt til topps og så la dei stå ei tid på rot slik at kvaen kunne fylle heile stokken før dei felte det. Slik gjorde dei gamle treverket haldbart mot både rote og makk.
Dei første oppgangssagene (vassdrivne sager som saga med opp-og-nedgåande sagblad i staden for sirkelsager som vart vanleg fråsluten av 1800-talet) her i fylket vart bygde på 1500-talet. Oppgangssagene vart registrerte i offentlege papir fordi dei betalte 10% skatt for utsaga virke. Kring 1600 var det registrert i alt 180 oppgangssager på heile Vestlandet, og skurlasta vart eksportert med god forteneste. Skuter frå Hansa-byane var dei viktigaste kjøparane av skurlast frå dei nordlege lutane av Vestlandet. Dei sigla til Spania og bytte trelasta mot salt, medan det meste av tømmeret frå Austlandet gjekk til Nederland.
I 1603 var det registrert 10 sager i Sogn. Dei skogrike bygdene kring Dalsfjorden sytte for virke til m.a. store oppgangssager i Osen i Gaular og ved Flekkeelva, og jamvel på Svanøy vart det bygd demning slik at dei kunne samle vatn og drive ei oppgangssag der. I Gloppen vart det t.d. talt fire sager i 1563, og 14-15 tidleg på 1600-talet.

Kjøpmannsbord og leveringsplikt

Frå indre Sogn kjenner ein særleg til dei store sagbruka på godsa kring Kaupangerbukta og Frønningen, på Tingastad vest for Kaupanger, i Fresvik og i Ofredal ved Årdalsfjorden. Også i Kvamsøy og i Nessane låg det store oppgangssager frå gamalt av. Storsagene i Sogn vart storleverandørar av ”kjøpmannsbord” og anna byggjevirke til Bergen.

I den tida då Årdal Koparverk var i drift i Årdalsfjella mellom 1702 og 1762, gjekk ein stor del av skogen i indre Sogn med til brennevirke i malmgruvene. I dei åra kopargruvene i Årdal vart drivne av Kongen, hadde skogeigande bønder i indre Sogn plikt til å levere ei viss mengde skogsvirke til grunene i Årdal.

Snaua bort skogen

Utanom vanleg skogsvirke frå furu, vart fururøtene brotne opp og nytta til produksjon av tjære og trekol som m.a. vart godt betalt på marknaden i Bergen.
Lauvvirket vart brukt i hovudsak til brenneved, reisverk (skykkja) og sperrer og tro på enkle uthus i tun og ved sjø. Av hasselteinar smidde ein tønneband. Hardved vart også nytta til bygging av hjul, vogner, sledar og plogar, og reidskap som river, skaft o.s.b.
Med tida vart skogen så uthoggen at bygdefolket måtte hente brenneved frå skogsteigar heilt oppe under tregrensa. Denne fjellskogen vart hoggen og køyrt til gards på godt sledeføre om vintrane, slik ein også gjorde med høyet frå utslåttene.
På gamle fotografi frå kring 1900 kan ein sjå at heimeliene ovanfor gardane ofte var heilt snaua for skog før nye granplantefelt tok til å kle landet på nytt.

Skogreising ein lekk i nasjonsbygginga

Frå midten av 1800-talet fekk Noreg fleire ideelle organisasjonar som kvar på sitt vis vart ein del av det store prosjektet: Nasjonsbygginga. Nokre av dei som stod tydelegast fram og fekk størst oppslutnad, var ”skyttarsaka” og ”skogreisingssaka”. Den eine, skyttarsaka, kunne skape grunnstammen i eit nasjonalt landvern med våpenføre menn dersom det vart trong for det i frigjeringskampen.
Den andre, skogreisingssaka, skulle kle landet og skape velstand i Bygde-Noreg.

Skyttarsak og skogreising hand i hand

I mange lag gjekk desse ”rørslene” hand i hand: Då den idealistiske bergensaren Jens RolvssonJens Rolvsson kom til Dalsfjorden og starta ”Bondehøgskulen” sin i 1871, fekk han også skipa Norskelaget i Holmedal. Dette tok opp både skogplanting og skyteøvingar som aktivitetar. Det same var tilfelle med mange av dei første frilynde ungdomslaga som vart skipa kring 1900.

Skogen - den nye levevegen?

Med skogplanting ville dei nye ”nasjonsbyggjarane” ta heile landet i bruk: Ikkje berre ved skogplanting i tradisjonelle skogdistrikt på Aust- og Sørlandet og i Trøndelag, men også stupbratte fjordlier og karrige kyststrok på Vestlandet skulle kleast med drivverdig skog. Det som fanst av ”gamalskog” i dette landskapet, var først og fremst furu. Men no var det den rasktveksande grana som skulle kle landet. Lerk vart også nytta i mindre målestokk.

Granskogen skulle verte den nye ressursen og hovudnæringa til Vestlands-bøndene – trudde mange idealistar og fagfolk: Så seint som på 1950-talet såg skogbrukssjefen i Sogn og Fjordane, Barthold Vonen føre seg at ein gardbrukar på eit gjennomsnitts Vestlands-bruk ”årlig kunne tjene en industriarbeiders inntekt” berre på å drive ut eigen skog! - Den gongen låg lønene i industrien nærmare på det doble av det ein middels Vestlands-gard kasta av seg.

Slike perspektiv var bakgrunnen for den storstilte utplantinga av granskog som starta på Vestlandet kring 1900, og der både ungdomslag, skulebarn og ”skogplantingsforeningar” i byane tok del.
Fram til 1947 hadde t.d. medlemmene i Noregs Ungdomslag planta ut 25 millionar skogplantar i Noreg, og skuleborna kring 70 millionar! I Sogn og Fjordane var det vanleg heilt fram på 1960-talet at dei eldste klassane i folkeskulen vart ”utkommanderte” på ein eller to dagars skogplanting kvar vår.

Kle kysten!

Innsatsen var særleg stor i skogberre kyststrok. Eit merke som framleis er godt synleg etter desse pionérprosjekta, er dei såkalla ”fredsskogfelta” som ein kan sjå oppetter liene fleire stader langs kysten.
Bergens Skogselskap var særleg aktive. I den jordfattige Solund kommune skreiv selskapet kontrakt på leige eller kjøp av høvelege plantefelt. Det meste av skogen som i dag finst i denne øykommunen, skriv seg frå aktiviteten til Bergens Skogselskap.
Også i Gulen leigde eller kjøpte Bergens Skogselskap parsellar for granplanting. Storholmen i Brandangersundet og fleire holmar kring Eivindvik vart tilplanta på denne tida.
I 1866 vart Hans Andreas Tanberg Gløersen (1836–1904) tilsett som forstmeister (skogmeister) i det nyskipa Vestlandske Forstmesterdistrikt som strekte seg heilt frå Lindesnes og nord til Møre. Han arbeidde mykje for å få skipa lokale ”Træplantningsselskaber” som med teknisk rettleiing frå forstvesenet kunne få statsstøtte til skogplanting, særkeg i kyststroka.
I Florø vart Florø Træplantingsselskab skipa i 1870. Det var dominert av dei ”kondisjonerte” i den vesle kystbyen, og stod for tilplantinga av ”byfjella” Litjeåsen og Storåsen. Særleg læraren og redaktøren Elias M. Hole gjorde ein stor innsats for ”skogsaka” i Florø.

I skogkratta på Ersholmen ved Selje står ei minnestøtte over ”potetpresten” Johan Daniel Stub Landmark som kring 1880 fekk planta ut heile den vesle holmen med gran, furu, lerk og fleire lauvtresortar.
Og i liene over Måløy er ”Strand-skogen” eit varig minne etter idealisten og norskdomsmannen distriktlege Einar Strand, som for eiga rekning fekk planta ut 100.000 bartre på eigedomen sin!
Men korkje Strand sin innsats på Vågsøy eller fredsskogfelta i andre kystbygder vert i dag rekna som drivverdig skog:
Plantane vart i si tid sette med ”eit hakkeskafts avstand”, og korkje tynna eller stelte særleg mykje etterpå. Resultatet er tettplanta og misvaksne granfelt som no berre tener ei nytte: Å gje ly for den stendig aukane hjortestammen ute ved kysten.
Måløy ville sett annleis ut utan skogplantinga.


Skogbruket vert organisert

Det vart Nordre Bergenshus amts landhusholdningsselskap (sjå under Dei første landbruksorganisasjonane) – forløparen til Sogn og Fjordane Landbruksselskap – som frå midten av 1800-talet vart den viktigaste pådrivaren for auka skogplanting og skogsdrift i fylket. Landhusholdningsselskapet sende kunnige forstmenn på talarferd kringom i bygdene, og premierte bønder som hadde gjort ein særskilt innsats for ”treplantning”.
I 1875 løyvde landhusholdningsselskapet pengar for å sende interessert ungdom avgarde på kurs i skogplanting. Desse vart haldne kring Bergen. Ingen melde seg det første året, men i 1876 søkte 16, og sju fekk reise.

På same vis som sokneselskapa (sjå artikkelen Distriktskommisjonar og sokneselskap under Dei første landbruksorganisasjonane) tidleg på 1800-talet delte ut hardføre kornsortar som himalayabygg til åkerbruket, så freista landhusholdningsselskapet seg på utdeling av granfrø og -plantar til dei som ville satse på skogplanting i utmarka.
Men det var først då dei lokale planteskulane kom i gang med dyrking av granplantar at det vart fart på den organiserte skogplantinga i Sogn og Fjordane. Pionéren var Arne Balvoll i Vik som starta planteskule i 1875, først for frukttre og bærbuskar, og som kom i gang med dyrking av granplantar kring 1900.

Sogn og Fjordane Skogselskap

Den einskildpersonen som likevel fekk mest å seie for skogsaka i Sogn og Fjordane på slutten av 1800-talet, vart styraren på Mo jordbruksskule i Førde, Martin Luther Storm. Han var styreformann i Nordre Bergenshus amts landhusholdningsselskap frå 1874 til 1885. Storm nytta kvart høve til å argumentere for auka skogreising: Mottoet hans var: ”Der plogen ei kan gaa og ljaaen ei kan slaa, der bør et træ staa”.
I 1895 vart skogbruket fastare organisert på nasjonalt plan ved at konsul Axel Heiberg fekk skipa Det norske Skogselskap. Dette avløyste organisasjonen Den norske Forstforening, og fekk etter kvart lokale skogselskap under seg i kvart fylke.

I 1896 sende landhusholdningsselskapet ut innbyding til skiping av eit skogplantingsselskap i Sogn og Fjordane, og dette laget fekk 200 medlemer frå starten. Skogplantingsselskapet arbeidde som sjølvstendig lag til 1902, då det gjekk inn i Bergens Skogselskap.
Sogn og Fjordane sitt samarbeid med Bergens Skogselskap varde til 1941 då Sogn og Fjordane Skogselskap vart skipa og fekk tilsette eigen fylkesskogsjef. På same vis som fylkeslandbruksselskapa har vore regionale forvaltningsorgan for tilskot og fagplanar for jord- og hagebruk, har fylkesskogselskapa hatt tilsvarande forvaltningsansvar for skogbruket med tildeling av midlar, skogplanting, avvirkingsplanar og bygging av skogsvegar, velteplassar, tømmerkaier o.s.b. Nede på kommuneplan er det heradsskogmeistrane som har vore forvaltningsorganet.

Eigne fabrikkar og sagbruk

I 1951 vart det sett ned ein Vestlands-komité som skulle få fart på skogbruket i landsdelen. Resulatet vart Vestlandske Skogeigarsamband som bygde den første og hittil einaste tremassefabrikken i Vadheim i 1959: Den heitte Vestlandske Treforedling A/S – VeTreFo (sjå Den mislukka cellulosefabrikken) i Vadheim, og skulle koke papirmasse på lauvtrevirke.
Men fabrikken sleit frå første stund og gjekk konkurs i 1971.

I 1976 bygde Sogn og Fjordane Skogeigarlag eit stort sagbruk, Sunnfjord Sag AS i Osen i Gaular kommune.
Sunnfjord Sag. Foto: ADN


Frå 1980-talet har skogeigarlaget fått bygd ei mengd utskipingskaier for sliptømmer kringom i fylket. Herfrå har sliptømmeret vorte frakta med lasteskip til ein cellulosefabrikk i Vestfold.



MEIR OM SOGN OG FJORDANE FYLKE 
Sogn og Fjordane fylke
Fakta om Sogn og Fjordane

 
Fylkesordførarar og fylkesrådmenn
Milestolpar i Sogn og Fjordane fylkeskommune
Statlege institusjonar i Sogn og Fjordane

 
Lyd frå Sogn og Fjordane fylke
Video frå Sogn og Fjordane fylke
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no