SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Landbrukshistoria i Sogn og Fjordane:

Bondeeigde kjøpelag og salslag

Industrialiseringa og den sterke folkeauken i dei norske byane i siste halvdel av 1800-talet, gjorde det naudsynt for bøndene å organisere seg i samyrkelag som kunne samordne leveransane av jorbruksprodukt til byane, og samstundes sikre bøndene stabile prisar og trygge oppgjersformer. Dette skjedde også på Vestlandet, m.a. i
landdistrikta som forsynte Bergen med matvarer.

Publisert 20.01.2006 10:14. Oppdatert 20.01.2006 10:45.


Bykjøpmennene sat med marknadsmakta

Før bondesamyrket tok på seg desse oppgåvene, hadde bøndene ordna dette kvar for seg med eigne kontakter i byen. Dette førte til at dei vart prisgjevne bykjøpmannen sine handelsvilkår på godt og vondt. Resultatet var oftast dårleg pris på kjøt og mjølkeprodukt, medan kjøpmannen visste å ta seg godt betalt når han selde landbruksmaskiner, såkorn, kunstgjødsel og andre varer som bonden måtte kjøpe den andre vegen.

På same vis som for fiskarane sitt tilhøve til Bergens-kremmarane, måtte mykje av maskinhandelen gå føre seg på krita. Dermed vart bøndene endå meir bundne til kjøpmannen sine salsvilkår og prissetjing. Eigne omsetningslag og kjøpelag etter samyrkemodellen skulle få bukt med dette uvesenet.
På landsbasis vart det skikkeleg fart i bondesamyrket etter at Fjaler-mannen Theodor Landmark fekk skipa Norsk Landmannsforbund (seinare Norges Bondelag) i 1896.

Tilskotsordningane har styrt utviklinga

Heilt frå starten av dei ulike produksjons- og salsledda i jorbrukssamyrket, har den lokale strukten i stor mon vorte styrt av statlege tilskotsordningar: Desse har fungert som gulrot m.a. for å få bøndene til å samle seg om stendig større slakteri- og meirieiningar.

Dei første ti-åra var desse tilskota den fremste stimulansen for å få bygd produksjonsanlegg. Seinare, når det vart snakk om sentralisering og nedleggjing, skapte bruken av tilskotsordningane store konfliktar - ikkje minst mellom lokale bondelag og sentralleiinga i deira eigne organisasjonar. På 1980- og 1990-talet skapte såleis den hardhendte sentraliseringspolitikken til dei som sat på tilskotssekken mykje strid - spesielt kring storslakteriet i Førde og sentralmeieriet på Byrkjelo.

Meierisamvirket kom først

Meieribruket var først ute med samyrketiltak: Det første meieriet på samyrkebasis vart skipa på Tolga i Østerdalen i 1956. Den første større meieriorganisasjonen var Den Nordenfjeldske Meieriforening i Trondheim. Norske Meieriers Eksportlag vart skipa i 1928. Seinare skifta dette namn til Norske meieriers Salgssentral.

Innkjøpssamyrket for jordbruket

Nest etter meierisamyrke, som var første ute av ”bondesamyrka”, vart "Felleskjøpet" det neste, store samyrkesteget i landsdelen.

Vestlandske Salslag

Den viktigaste samyrkeorganisasjonen for bøndene på Vestlandet, vart Vestlandske Salslag, som vart skipa i 1920.


MEIR OM SOGN OG FJORDANE FYLKE 
Sogn og Fjordane fylke
Fakta om Sogn og Fjordane

 
Fylkesordførarar og fylkesrådmenn
Milestolpar i Sogn og Fjordane fylkeskommune
Statlege institusjonar i Sogn og Fjordane

 
Lyd frå Sogn og Fjordane fylke
Video frå Sogn og Fjordane fylke
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no