SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Landbrukshistoria i Sogn og Fjordane:

Meierisamvirket kom først

Meieribruket var først ute med samyrketiltak: Det første meieriet på samyrkebasis vart skipa på Tolga i Østerdalen i 1856.

Publisert 20.01.2006 10:24. Oppdatert 25.01.2007 09:26.

Den første større meieriorganisasjonen var Den Nordenfjeldske Meieriforening i Trondheim. Norske Meieriers Eksportlag vart skipa i 1928. Seinare skifta dette namn til Norske meieriers Salgssentral.
Hjelmeland meieri i Bygstad i Gaular

Etter at Sogn og Fjordane Landhusholdningsselskap (sjå under Dei første landbruksorganisasjonane) – det som seinare vart Sogn og Fjordane Landbruksselskap - frå 1871 tok til å yte støtte til meieribygg, kom det på få år opp ei mengd lokale meieri i fylket - dei første i Vik og Hafslo i 1874. I 1905 vart det registrert 79 meieri i Sogn og Fjordane. Berre i Jølster kommune åleine har det gjennom åra vore 26 meieri i drift!
Separering på Hjelmeland meieri

Grendameieri vert avløyste av "bygdemeieri"

Frå 1917 og utover 1920-talet vart dei små bygdemeieria avløyste av større meieri med vidare omland. Bygder som ikkje var knytte til meieri, organiserte seg i smørlag som samla inn heimekinna smør for omsetning til kjøpmenn i Bergen.
Tapping av mjølk på glasflasker på Årdal meieri i 1959. Foto: Verksposten, utlånt frå Årdal Sogelag.
Men framleis var meieristrukturen basert på at den einskilde bonden stort sett kunne frakte mjølka til meieriet med hest og vogn sjølv.
Det einaste større meieriet i mellomkrigstida var Høyanger Meieri, bygd i 1932. Dette meieriet hadde over 200 leverandørar i ytre Sogn, og mjølkebåtrutene gjekk nærmast frå gard til gard langs dei veglause grendene og samla inn mjølkespanna. Dette ”stormeieriet” hadde elles mjølkebilruter til Viksdalen i Sunnfjord.


Mjølkebilar og regionmeieri

I åra etter 2. verdskrig slo bilen for alvor igjennom som varetransportør. Mjølkebilane la grunnlaget for ein ny sentraliseringsrunde. Det vart bygd store meieri som kunne ta imot mjølk frå eit omland som gjerne kunne strekkje seg over fleire kommunar. Slike meieri vart m.a. bygde i Måløy, Nordfjordeid, Stryn, Sandane, Byrkjelo, Førde, Bygstad, Florø, Vik, Sogndal og Årdal.
Firda billag frakta mjølk til meieriet på Sandane. Foto: Wilhelm Pflug

Som det første i fylket innførte Nordfjord Meieri i Stryn gardstankar og tankbilhenting av mjølk i 1970. På få år hadde tankhentinga utkonkurrert dei gamle mjølkespannene over heile fylket.
Nordfjord Meieri i Stryn ca. 1980

Stormeieri for heile fylket

På 1980-talet var tida komen for ein ny sentraliseringsrunde innan meieribruket: I første omgang fylkesmeieri, og i neste omgang eit meierilag for det meste av Vestlandet.
Etter kvass strid der konflikten galdt kva for meieri som skulle leggjast ned og kven som skulle få overleve, vart P/L Sogn og Fjordane Meieri skipa den 20. februar 1985. Dette stormeieriet omfatta det meste av fylket, med unntak av bøndene som leverte til Vestlandsmeieriet – d.v.s. Dalsfjord-området i Sunnfjord og produsentar i ytre Sogn, og nokre bønder langs Møre-grensa som leverte til Sunnmøre Meieri.

Tine Meieriet Vest BA

På 1990-talet kom ein ny og radikal sentraliseringsrunde som førte fram til at så godt som all konsummjølka frå Sogn og Fjordane frå 1996 vert levert til stormeieriet på Byrkjelo (sjå Tine Meieriet Vest BA, Gloppen kommune). Anlegget kosta 55 millionar kroner, og etter utviding for 180 millionar som m.a. omfattar osteproduksjon, fekk anlegget kring 80 tilsette.

I dag er alle meieria i fylket ein del av Tine Meieriet Vest BA, som er skipa ved samanslåing av Tine Meieriet Vest og Tine Vestlandsmeieriet. Dette siste bygde i si tid eigne meieri i Askvoll (sjå Askvoll kommune) og Bygstad (sjå Gaular kommune), og har elles teke imot det meste av mjølka frå ytre Sogn. Det øvrige fylket vart i ein kort periode på 1980-1990-talet organisert i Sogn og Fjordane Meieri.

Tine Meieriet Vest BA Byrkjelo
I 2003 var "Vestlands-avdelinga" med sine 10 anlegg og omlag 780 tilsette ein del av den landsomfattande TINE Gruppa - skipa i 2002. Tine Meieriet Vest hadde i 2003 4900 leverandørar av landets samla tal på kring 20.000 mjølkebønder.
Forutan stormeiereiet på Byrkjelo, hadde Tine Meieriet Vest i 2003 produksjonsavdelingar i Vik (gamalost), Bygstad og Førde. Dei to siste vart lagde ned då osteproduksjonen ved det utvida anlegget på Byrkjelo kom i gang.



MEIR OM SOGN OG FJORDANE FYLKE 
Sogn og Fjordane fylke
Fakta om Sogn og Fjordane

 
Fylkesordførarar og fylkesrådmenn
Milestolpar i Sogn og Fjordane fylkeskommune
Statlege institusjonar i Sogn og Fjordane

 
Lyd frå Sogn og Fjordane fylke
Video frå Sogn og Fjordane fylke
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no