|
|
|
|
Leksikonredaktør:
Nettansvarleg:
Distriktsredaktør:
Copyright:
NRK Sogn og Fjordane
|
|
| |
Landbrukshistoria i Sogn og Fjordane: Fjørféavl i Sogn og FjordaneNorsk Fjørfélag vart skipa i 1884 og organiserer dei som driv egg- og fjørfékjøtproduksjon i landet. Laget talde i 1997 1800 medlemmer. Publisert 20.01.2006 12:58. Oppdatert 26.04.2007 10:05.Sogn og Fjordane Fjørféavlslag vart skipa i 1949 etter opptak frå Sogn og Fjordane Landbruksselskap. Bakteppet for denne skipinga var at marknaden for fjørféslakt braut heilt saman i åra etter 2. verdskrig, og det var trong for ein meir organisert omsetnad for fjørféprodukt frå Sogn og Fjordane.
Slakteri i FørdeMed støtte frå Omsetningsrådet og Bergen og Omland Eggsentral fekk det nyskipa fylkeslaget leigd det gamle VS-slakteriet ved Halbrendsbrua i Førde, seinare i lokala til Førde Kjølelager. I 1995 overtok fjørfeavlslaget det gamle meieriet i Teigen i Førde og bygde det om til fjørféslakteri. Her vart det m.a. bygd kjølelager og lagerrom for egg.
| Vestlandske Eggsentral heldt til i bygningen til venstre til 1987, då den vart riven. på grunn av vegutviding. Foto: Firda. |
Sentralisert til SandnesVestlandske Eggsentral vart skipa i 1920. I 1986 bygde Eggsentralen nytt kjøle- og lageranlegg på industrifeltet Reset i Førde. Dette dreiv Eggsentralen til 1996. Men det var berre små mengder egg som vart leverte direkte frå produsentane til dette anlegget. Hovudmengda gjekk til samleanlegg i Bergen. Seinare vart både slakting av fjørfé og eggsentral for heile Vestlandet samla i eit storanlegg i Sandnes i Rogaland.
Prior og Gilde samanVestlandske Eggsentral slo seg saman med dei to andre regionale eggsentralane til Prior Norge i 2000. I 2006 vart kjøtsamvirket sitt selskap Gilde og Prior Norge slegne saman til eitt selskap under namnet Gilde Prior BA.
|
|
Finn fram i Fylkesleksikonet!
|
|
| |
|
SOGN OG FJORDANE FYLKE, TEMASIDER
|
|
|
Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå.
Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.
| |
|
Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?
| |
|
Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.
| |
|
Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.
| |
|
I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?
| |
|
Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.
| |
|
Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.
| |
|
I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
| |
|
|
|
|