Norges Bonde og Småbrukarlag hadde i 2005 kring 8000 medlemer.
Arbeidar- og småbrukarlag først ute
I den vanskelege mellomkrigstida vart det skipa såkalla arbeidar- og småbrukarlag i mange bygder, særleg på Austlandet.
Det første arbeidar- og småbrukarlaget i Sogn og Fjordane vart starta i Flekke i Fjaler kommune i 1920. I 1931 vart Fresvik Arbeidar- og Småbrukarlag skipa. Desse første småbrukarlaga hadde, som namna seier, nær tilknyting til Arbeidarpartiet. Seinare vart den partipolitiske tilknytinga til småbrukarlaga meir dempa. Det er tydeleg i Sogn og Fjordane at småbrukarlaga i dei første åra hadde god oppslutning i distrikt der det var mange bureisarar.
|
Anders M. Sølvberg |
Nekta medlemskap i Landbruksselskapet
I 1933 får Askvoll det første lokale småbrukarlaget i Sogn og Fjordane, og i 1935 skipa bureisaren
Anders M. Sølvberg Fjelli Småbrukarlag i Stryn.
Men då dei to laga ville melde seg inn i Sogn og Fjordane Landbruksselskap, vart dei nekta medlemskap. Der var det Bondelaget som hadde makta. Den spinkle forklaringa på nekten var at småbrukarlaga hadde for få medlemmer.
Skiping av fylkeslag
Like etter krigen hadde ein fått skipa 25 lokallag som var direkte innmelde i Norges Bonde og Småbrukarlag. Den 31. mai 1946 møtte utsendingar frå 13 av desse laga i Høyanger og skipa Sogn og Fjordane Bonde og Småbrukarlag med Anders M. Sølvberg som første formann.
Bonde- og småbrukarlaget fekk no medlemskap i Sogn og Fjordane Landbruksselskap. Men i 1947 vart det hard strid då laget kravde to plassar i styret for Landbruksselskapet. Saka vart anka inn for Landbruksdepartementet som gav småbrukarlaget medhald.
I 1955 hadde Sogn og Fjordane Bonde og Småbrukarlag 16 lokallag med i alt 353 medlemmer. Det klårt største lokallaget fann ein i Hornindal med 70 medlemmer. Elles hadde bygdene i noverande Hyllestad kommune relativt store småbrukarlag: Åfjorddalen 29 medlemmer, Hyllestad 29 medlemmer og Skor 15 medlemmer.
Forsøk med eige medlemsblad
I 1949 gjorde Anders M. Sølvberg saman med bureisargrannen
Kornelius Sølvberg ein freistnad på å starte eit eige medlemsblad for småbrukarlaga i Sogn og Fjordane og Hordaland. Bladet heitte ”Småbrukaren” med Kornelius Sølvberg som redaktør, men gjekk inn etter to år.
|
Småbrukaren frå april 1951 |
Lokale bonde- og småbrukarlag i Sogn og Fjordane
Flekke Arbeidar og Småbrukarlag vart skipa i 1920.
Fresvik Arbeidar og Småbrukarlag vart skipa i 1931.
Askvoll Bonde og Småbrukarlag vart skipa i 1932.
Maurstad Bonde og Småbrukarlag i Vågsøy vart skipa i 1932. Bryggja Bonde og Småbrukarlag vart skipa i 1952. Dette kan vere det same laget som Maurstad Bonde og Småbrukarlag , men med anna namn.
Fjelli Bonde og Småbrukarlag i Stryn vart skipa i 1935.
Våge Bonde og Småbrukarlag på Grytøyra vart skipa i 1936.
Sudstranda Småbrukarlag i tidlegare Hornindal kommune vart skipa i 1938.
Brandsøy Bonde og Småbrukarlag i Flora vart skipa i 1946.
Breim Bonde og Småbrukarlag vart skipa i 1946.
Davik Bonde og Småbrukarlag vart skipa i 1946. Laget la ned drifta kring 1952.
Eikefjord Bonde og Småbrukarlag vart skipa i 1946, og vart lagt ned i 1952.
Hyllestad Bonde og Småbrukarlag vart skipa i 1946 og vart lagt ned i 1968. I 1983 vart det skipa nytt lag, og i 1992 vart Fjaler-laget slegne saman med Hyllestad.
Søreide Bonde og Småbrukarlag i Høyanger kommune vart skipa i 1946 og vart lagt ned ca. 1960.
Høyanger Bonde og Småbrukarlag vart skipa i 1985 ved samanslåing av laga i Vadheim, skipa 1946, og Norevik og Stranda, skipa i 1951.
Gulen Bonde og Småbrukarlag vart skipa i 1946.
Kinn Småbrukarlag vart skipa ca. 1946.
Skor Bonde og Småbrukarlag i Hyllestad vart skipa i 1946.
Innvik Bonde og Småbrukarlag vart skipa i 1948. Laget hadde også medlemmer frå Utvik.
Olden Bonde og Småbrukarlag vart skipa i 1948.
Jølster Bonde og Småbrukarlag vart skipa på slutten av 1940-talet, året er uvisst. Det vart skipa på nytt i 1978 etter at det hadde lege nede ei tid.
Hornindal Bonde og Småbrukarlag vart skipa i 1950 og fekk også medlemmer frå Sunnylven.
Sande Bonde og Småbrukarlag vart skipa ca. 1950.
Ålfoten Bonde og Småbrukarlag vart skipa i 1951.
Holmedal Bonde og Småbrukarlag vart skipa i 1952 og vart lagt ned på slutten av 1960-talet.
Jostedal Bonde og Småbrukarlag vart skipa i 1952. Etter ein daud periode vart laget teke oppatt i 1974. I 1978 vart det utvida til å femne om småbrukarkaga i heile Luster kommune og fekk då namnet Luster Bonde og Småbrukarlag.
Stårheim Bonde og Småbrukarlag vart skipa ca. 1952.
Nordfjordeid Bonde og Småbrukarlag vart skipa i 1952.
Flekke og Espedal Bonde og Småbrukarlag vart skipa i 1954 og endra namn til Flekke og Bjordal Bonde og Småbrukarlag i 1960.
Åfjorddalen Bonde og Småbrukarlag vart skipa ca. 1955.
Førde og Naustdal Bonde og Småbrukarlag vart skipa i 1961. Laget vart delt etter kommunegrensa i 1975.
Lavikdal Bonde og Småbrukarlag vart skipa ca. 1969.
Fjaler Bonde og Småbrukarlag vart skipa i 1975 og lagt ned i 1980. Det vart teke oppatt i 1984, men lagt ned på nytt i 1992 og medlemmene førde over til småbrukarlaget i Hyllestad.
Naustdal Bonde og Småbrukarlag vart skipa i 1975. Det låg nede ei tid før det vart skipa på nytt i 1984 på tuftene etter eit småbrukarlag som hadde vore drive i Vevring frå 1946.
Dale Bonde og Småbrukarlag vart skipa i 1977.
Stryn Bonde og Småbrukarlag vart skipa ca. 1977- 1978 ved samanslåing av fleire tidlegare småbrukarlag i kommunen.
Sogndal og Leikanger Bonde og Småbrukarlag vart skipa ca. 1978.
Eid Bonde og Småbrukarlag vart skipa i 1979 ved samanslåing av fleire tidlegare lag i kommunen.
Gloppen Bonde og Småbrukarlag vart skipa ca. 1983.
Nordre Askvoll Bonde og Småbrukarlag vart skipa i 1983 og gjekk i 1987 inn i laget for Askvoll og Holmedal.
Flora Bonde og Småbrukarlag vart skipa i 1984 ved samanslåing av fleire lag i kommunen.