Logoen til Fortidsminneforeningen er eit fabeldyr - løve med øks - som er henta frå ei av søylene (kapitélet) på Urnes stavkyrkje.
I 1871 skipa arkitekten og ingeniøren
Peter Andreas Blix avdelinga for Bergen, Hordaland og Sogn og Fjordane.
Sogn og Fjordane vart skilt ut som eiga avdelinga i 1983 med Guttorm Holstad frå Vik som første leiar.
|
Urnes stavkyrkje. Foto: Heidi Lise Bakke, NRK |
Fortidsminneforeninga i Sogn og Fjordane eig og forvaltar stavkyrkjene Borgund, Urnes, Gaupne og Hopperstad og dessutan Hestad kapell i Viksdalen. På Lærdalsøyra eig foreninga det gamle bakeriet bak tidlegare Kvammes Hotell.
Fortidsminneforeninga eig ikkje, men har forvaltaransvaret for Kaupanger stavkyrkje og Hove steinkyrkje i Vik.
Fortidsminneforeninga har arrangert fleire ”kultursafariar” i Sogn med vitjing av m.a. dei gamle mellomalderkyrkjene og andre antikvariske bygningar langs Sognefjorden.