Christiania Hjemmenes Vel som vart skipa i 1898, var den første husmororganisasjonen i Europa.
Hjemmenes Vels Landsforening var ein tverrpolitisk norsk kvinneorganisasjon som vart skipa i 1915.
Frå 1933 til 1997 heitte organisasjonen Norges Husmorforbund. I 1997 bytte husmorforbundet namn til Norges Kvinne- og Familieforbund, K&F.
Mektig lobbyorganisasjon
Husmorforbundet arbeidde for å betre kåra og auke den sosiale statusen for heimearbeidande kvinner. I velmaktsdagane på 1950-talet var Norges Husmorforbund ein av dei mektigaste lobbyorganisasjonane i landet, med titusenvis av medlemmer.
Heilt sidan 1887 har ”husmorrørsla” gjeve ut eit eige blad: Første heitte det Kvinner & Familie, deretter Husmorbladet og sidan Kvinner i bevegelse.
|
Første barnehagen i fylket kom i Høyanger. Foto frå Gamle Høyanger. |
Husmorvikarar og husmorferie
I Sogn og Fjordane som elles i landet gjekk husmorlaga i brodden for å få ordningar med husmorvikarar, skipa til husmorferiar og stod for medlemskveldar der nye kjøkenmaskiner og anna utstyr til hushaldet vart demonstrert. Husmorlaga bygde også dei første barnehagane i fylket, m.a. i Høyanger og Måløy.
Ei framståande kvinne i denne rørsla var
Inga Nitter Walaker frå Solvorn, som var landsleiar både i Norges Husmorforbund og Nasjonalforeningen for Folkehelsen i ei årrekkje.