SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Organisasjonar i Sogn og Fjordane:

Sogn og Fjordane Skyttarkrins

Skyting er ein av dei eldste lagsaktivitetane i Noreg: I 1769 vart det første skyttarlaget skipa i Bergen – Det Bergenske Skydeselskab – som fekk eiga skytebane i 1788, og var i drift til 1824.

Publisert 23.01.2006 10:20. Oppdatert 13.11.2006 10:32.

Tidleg på 1800-talet vart det skipa fleire ”skyteselskap” i norske byar, først og fremst for dei kondisjonerte i overklassen.

Skyttarsaka veks fram

Den veksande nasjonalkjensla i Noreg gjorde at ”skyttarsaka” vart eit omgrep i det norske organisasjonslivet midt på 1880-talet: Kringom på bygdene – også i Sogn og Fjordane – vart det skipa nasjonalistiske ”norskdomslag” der ein viktig medlemsaktivitet var skyteøvingar. Eitt av desse var Norskelaget i Holmedal, skipa i 1874, og som i tillegg til målsak og vanleg ungdomslagsarbeid også hadde sitt eige skyttarlag.
Knipenborg Skyttarlag på Årdalstangen. Foto utlånt frå Årdal Sogelag.

I 1861 vart "Centralforeningen for udbredelse af Legemsøvelser og Vaabenbrug" skipa i Noreg. Same året vart Eidsbygda Skyttarlag skipa, og i 1862 Florø Skytterlag. Dei er såleis mellom dei eldste skyttarlaga i Noreg. Det var offiserar knytt til eksersisplassen på Nordfjordeid som gjekk i brodden for skiping av det lokale skyttarlaget.

Folkevæpningslag

På 1880-talet vart mange skyttarlag knytt opp til den politiske venstrerørsla i "Folkevæbningssamlagenes Fællesstyre", skipa i 1881. Det første lokale folkevæpningslaget vart skipa i Trøndelag av Venstre-mannen Ola Five. Firda og Sygnafylkets folkevæbningssamlag vart skipa i 1882. Alt dette året talde ”Folkevæpningen” 293 lag med 9200 medlemmer over heile landet. Desse laga braut med "Centralforeningen", og "Folkevæpningssamlaget" overtok etter kvart kontrollen over heile skyttarrørsla. Striden mellom skyttarane og den øvrige idretten førde til at Stortinget blanda seg inn 1893: Det stilte som vilkår for statsstøtte at dei ulike lokale skyttarsamlaga samla seg, og resultatet vart organisasjonen Det frivillige Skyttervesen, medan resten av idretten stod organisert i Centralforening en, som seinare vart Norges Idrettsforbund. Denne nyordninga gjorde at Firda og Sygna-fylkets Folkevæbningssamlag endra namn til Fjordene og Sogns skyttersamlag.
Stongfjorden Skyttarlag. Foto: Paul Stang

Tre samlag

Over halvparten av skyttarlaga i Sogn og Fjordane vart skipa før 1900. På det meste har det vore 59 lag i Nordfjord, 48 i Sunnfjord og 81 i Sogn.
Sogn og Fjordane vart i 1906 delt i tre lokale skyttarsamlag: Nordfjord Skyttarsamlag (skipa 1906), Sunnfjord Skyttarsamlag og Sogn Skyttarsamlag. I 1914 vart så Sogn delt i Ytre Sogn Skyttarsamlag og Indre Sogn Skyttarsamlag.

Skyttarkongar frå Sogn og Fjordane

På dei årlege landsskyttarstemna er den gjevaste tittelen å verte Skyttarkonge. Sogn og Fjordane har hatt desse Skyttarkongane gjennom tidene:

Mathias Glomnes frå Stryn, busett i Oslo, der han skaut for Kristiania N, vart skyttarkonge i 1906 og 1907.

I Balestrand er det reist minnesmerke over skyttarkonten Lars L. Ese.
Lars L. Ese d.y. er den einaste i landet som hittil har vunne fire kongetitlar: Han vart skyttarkonge i 1947 (270 poeng - Ulven-Os), 1951 (275 poeng - Bardufoss), 1954 (278 poeng - Vatne) og 1955 (285 poeng - Kongsvinger), og var elles småkonge i 1951 og har to Stang-medaljar.

Stanley Kvamme (sjå denne under Kjende personar i Førde fødde år 1920-1940) frå Førde, busett i Bergen, skaut for Bergen Nordre då han vart skyttarkonge i 1953 (273 poeng - Steinkjer) og 1957 (327 poeng - Bergen).

Egil Melvær frå Florø vart skyttarkonge i 1974 (340 poeng – Vatne) og småkonge i 1973.

Bjørn Solberg, ei tid busett i Årdal, tredobbelt Skyttarkonge 1978 (339 poeng - Trondheim), 1983 (340 peong – Fræna) og 1984 (342 poeng – Sandnes). Han vann kongetittelen i 1978 medan han var busett i Årdal og var medlem av Farnes Skyttarlag i Øvre Årdal.

Lars Hallvard Ese (sjå under Kjende personar i Balestrand), son til Lars L. Ese d.y., skyttarkonge i 1980 (340 poeng – Oslo), skyttarprins 1977, og småkonge i 1976 og 1983.


MEIR OM SOGN OG FJORDANE FYLKE 
Sogn og Fjordane fylke
Fakta om Sogn og Fjordane

 
Fylkesordførarar og fylkesrådmenn
Milestolpar i Sogn og Fjordane fylkeskommune
Statlege institusjonar i Sogn og Fjordane

 
Lyd frå Sogn og Fjordane fylke
Video frå Sogn og Fjordane fylke
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no