SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Organisasjonar i Sogn og Fjordane:

Sogn og Fjordane Skikrins

Sogn og Fjordane Skikrins vart skipa i 1923, men vart i 1936 delt i to - Sogn Skikrins og Fjordane Skikrins. Først i 1986 vart det igjen ein fylkesdekkande skikrins.

Publisert 23.01.2006 10:47. Oppdatert 26.01.2007 13:25.
Odd-Bjørn Hjelmeset er den fremste skiutøvaren frå Sogn og Fjordane.

Den første organiseringa av norsk skiidrett kom i 1861 då Centralforeningen for Udbredelse af Legemsøvelser og Vaabenbrug – til vanleg kalla Centralforeningen – vart skipa. Dette var ein fellesorganisasjon for all organisert idrett og skyttarlag – mellom anna lokale skiklubbar. I 1895 hadde Centralforeningen innmeldt 88 slike klubbar, og i 1905 var talet auka til 182.
I nasjonalreisingstida kring 1900 spela også lokale ungdomslag ein aktiv rolle i idretten: Dei skipa til ulike tevlingar både sommar og vinter, og fleire ungdomslag melde seg inn i Centralforeningen. I 1918 hadde Centralforeningen såleis 153 ungdomslag på Vestlandet og i Agder som medlemmer.
Ungdommar på Døsen i Luster i skibakken ca. 1900. Foto Johan Rumohr Døsen

Oberst Angell frå Luster

Ein av dei fremste agitatorane for utbreiing av skiidrett og annan idrett var kaptein Henrik Angell, som var fødd og oppvaksen i Luster. Forsvarssak, målsak og idrett var for han og andre likesinna synonyme omgrep i denne nasjonalsinna tida.
Skiidretten fekk eige særforbund i 1908, då Foreningen til Skidrettens fremme gjorte opptaket til skiping av Norges Skiforbund.

Per Knut Aaland frå Hardbagg tok stafettsølv i OL i Lake Placid i 1980. Foto: Scanpix

Nordfjord-dominans og krinsdeling

Sogn og Fjordane Skikrins vart skipa i 1923. P. W. Skåden frå Stryn var formann dei første fire åra. Av dei 12 innmelde skilaga i 1923 kom 10 frå Nordfjord. Berre Aalhus Idrettslag frå Jølster og Kreken Skilag frå Jostedal ”representerte” resten av fylket i den nye skikrinsen. I 1935 hadde talet på innmelde lag auka til 40, med tilsaman 654 medlemer.
Men lange avstandar og tungvinte reiser var hovudgrunnen til at at skikrinsen vart delt i 1936. Også økonomiske støtteordningar frå Norges Skiforbund sentralt spela inn, og ein skal heller ikkje sjå bort frå at den sterke dominansen frå Nordfjord gjorde sitt.

50 år med to skikrinsar

Fjordane Skikrins og Sogn Skikrins eksisterte fram til 1986, då fylket på nytt vart samla i ein skikrins etter press frå Norges Skiforbund sentralt. Ivar Sægrov frå Jølster var første formann i den nyskipa fylkeskrinsen.

Heilt frå tidleg 1970-tal vart det med jamne mellomrom freista å samle skiidretten i fylket til ein skikrins att utan at det lukkast. Eit viktig argument som vart brukt for to krinsar var at idrettsungdomen hadde vel så stor interesse for å tevle mot nærliggjande distrikt i nabofylka som mot sine ”eigne” i Sogn og Fjordane.
Eit avgjerande argument for ny samling vart trongen også for eit fast sekretariat og økonomisk støtte til dette frå Skiforbundet. I 1987 fekk skikrinsen fast krinssekretær i full stilling, den tidlegare alpinisten Even Hole.
Even Hole

MEIR OM SOGN OG FJORDANE FYLKE 
Sogn og Fjordane fylke
Fakta om Sogn og Fjordane

 
Fylkesordførarar og fylkesrådmenn
Milestolpar i Sogn og Fjordane fylkeskommune
Statlege institusjonar i Sogn og Fjordane

 
Lyd frå Sogn og Fjordane fylke
Video frå Sogn og Fjordane fylke
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no