|
|
|
|
Leksikonredaktør:
Nettansvarleg:
Distriktsredaktør:
Copyright:
NRK Sogn og Fjordane
|
|
| |
Kristelege lag og org. i Sogn og Fjordane: Johnson-vekkjinga og indremisjonen | Gisle Johnson |
Teologiprofessoren Gisle Johnson (1822–1894) kom frå Østfold, med ætterøter på Island. Han fekk mykje å seie for den pietistiske og lågkyrkjelege delen av kristenlivet i Noreg frå midten av 1800-talet og utover – også i Sogn og Fjordane. Publisert 23.01.2006 12:52. Oppdatert 01.02.2007 11:11.
I skrifter og som reisetalar – m.a. i Sogn - bygde han ein motkultur til den meir ”frilynde” grundtvigianismen. Johnson var streng lutheranar. I 1853 var han med på å skipe ei av dei første indremisjonsforeningane i Noreg: ”Foreningen for den indre Mission i Christiania” i Oslo. Same året vart det skipa ei forening i Skien. Indremisjonen vart i 2001 slegen saman med Den norske santalmisjon til Landsmisjonen, som i 2001 talde 60.000 medlemmer i 22 krinsar med i alt 3000 lokalforeningar.
Linene frå Hauge til JohnsonJohnson-vekkjinga fengde sterkt i Sogn og Fjordane – særleg i bygdemiljø der haugianarane hadde fått godt fotfeste. For sjølv om Johnson var akademisk utdanna prest og professor, så appellerte den strenge forkynninga hans sterkt til den pietistiske lekmannsrørsla som var sprungen ut av Hans Nielsen Hauge si lære.
Fleire av dei såkalla ”fiskarprestane” som årleg vart sende til Kinn for å assistere under det rike vårsildfisket når titusental fiskarar samlast i væra, var tilhengarar av Johnson si lære og hadde studert under han på fakultetet.
Ein av desse var J.C.H. Storjohann som seinare grunnla Den norske Sjømannsmisjon i 1864.
Ein annan var Carl Breien, som var med og skipa eitt av dei første indremisjonslaga i Drammen i 1860. Breien var prest i Kinn 1862–1863 og i Innvik 1864–1865 og vart kjend som ein av dei fremste tilhengarane av Gisle Johnson si ”lære”.
|
|
Finn fram i Fylkesleksikonet!
|
|
| |
|
SOGN OG FJORDANE FYLKE, TEMASIDER
|
|
|
Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå.
Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.
| |
|
Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?
| |
|
Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.
| |
|
Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.
| |
|
I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?
| |
|
Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.
| |
|
Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.
| |
|
I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
| |
|
|
|
|