Kristelege lag og org. i Sogn og Fjordane:
vart skipa i Stavanger i 1842.
Selskapet er konfesjonelt luthersk og har sterk tilknyting til Den norske kyrkja gjennom Samarbeidsrådet for menighet og misjon, skipa 1984.
Den første norske misjonæren var presten
Hans Paludan Smith Schreuder frå Kjørnes i Sogndal, som reiste til Afrika i 1844, og som etter ein konflikt med misjonsselskapet braut ut og skipa sin eigen Schreudermisjon i 1872.
Misjonsprestane som sidan 1859 har utdanna seg ved Misjonsskolen i Stavangar, vert ordinerte i Den norske kyrkja. Då Kinamisjonen (sjå denne) ikkje fekk ordinere sine prestar i kyrkja, var dette medverkande til striden som førde til kløyvinga i 1898 i indremisjonen, då Det vestlandske indremisjonsforbund braut ut av Det norsk lutherske Indremisjonsselskap.
I 1999 talde Det Norske Misjonsselskap kring 5000 lokalforeningar. Det driv kring 20 leirstader og er medeigar i fleire vidaregåande skular og Norsk Lærarakademi i Bergen.
Landskjende misjonærar frå Sogn og Fjordane
Dei viktigaste misjonsmarkene for Det Norske Misjonsselskap har vore Madagaskar og andre land i det sørlege Afrika, men også i Kina (frå 1902), Hong Kong(frå 1948), Taiwan, Japan, Thailand, Mali, Pakistan, Midtausten, Etiopia, Kroatia, Franrike og Brasil har det vore drive misjonsarbeid.
Fleire misjonærar frå Sogn og Fjordane har vorte landskjende. Du kan lese meir om desse i biografiane om dei under fødekommunen:
-
Hans Paludan Smith Schreuder (1817–1882) frå Sogndal,
David Egenæs (1838-1921) frå Eikenes ved Dalsfjorden,
Nils Landmark (1844–1923) frå Tysse,
Petra Malene (Malla) Moe (1863–1953) frå Hafslo,
Sigvart Høines (1878–1966) og
Malene Berge (1895–1983) frå Stårheim.