SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Kristelege lag og org. i Sogn og Fjordane:

Indremisjonen i Sogn


Publisert 23.01.2006 15:02.


Haugianarane og feigianarane i Luster

Utanom Svanøy (sjå Haugianarane på Svanøy) og dei nordlege bygdene i Sunnfjord og i Gloppen i Nordfjord, så vart Luster det sterkaste festet for Hauge-rørsla i Sogn. Hans Nielsen Hauge vitja Hafslo og Luster i 1802 etter oppmoding frå ”venene” Johannes Fuglestig og Ola Fortun, og kom tilbake på ny vekkjingsferd i dei same bygdene i 1804. Erik Venjum frå Hafslo vart ein av leiarane for haugianarane på Vestlandet, og Kristi Kristensdotter Morki og Peder Steen var begge framståande lekpredikantar for rørsla.
Hans Feigum (1798–1874) braut i 1830 med haugianarane og skipa si eiga og sterkt religiøse rørsle som vart kalla "Feigianisma". Den vart utbreidd vide omkring i Sogn og i Austlands-dalane før den døydde ut på 1870-talet.

På 1920-talet dukka det også opp ei sterkt konservativ, kristleg rørsle i Sogndal som kalla seg ”Blåbokianarane”.
Namnet hadde dei frå ei bok som ein kjøpmann i Haugesund, Peder Amlie, hadde skrive på 1870-talet. Blåbokianarane vart rekna som svært ”ortodokse” haugianarar, og kalla seg sjølve ”Hans Nielsen Hauges Venner” og ”Dei heilage”.
Dei kjempa m.a. imot innføring av landsmål (nynorsk) som dei hevda kom frå Helvete, og både Blix-salmane og nynorsk salmebok var ”djevelen sine gjerningar”. Dei fann m.a. sine åndsfrendar i ei gruppe i Vestfold som kalla seg jarlsbergianarar. Blåbokikanarane hadde kjerneområdet sitt på øyane vest for Bergen. Alle desse ”Hans Nielsen Hauges Venner” sytte også føre å få trykt opp Martin Luthers originalutgåve det Det nye testamente.
- Les meir om haugianarane i fylket i eigne artiklar under Flora kommune, Naustdal kommune, Gloppen kommune, Sogndal kommune, og om haugianarane og feigianarane under Luster kommune.

Misjonslaga i Sogn først delt, så samla

I midtre Sogn gjekk dei lokale misjonslaga saman i fellesforening i 1865, og ei tilsvarande regnional fellesforening vart skipa i ytre Sogn i 1876. Indresogningane organiserte seg i Indre Sogn Indremisjonssamskipnad i 1945. Men medan midtre Sogn krins valde å gå inn i Den Norske Lutherstiftelsen (seinare kalla Norsk luthersk indremisjonsforbund), valde krinsane i indre og ytre Sogn å melde seg inn i Vestlandske Indremisjonsforbund. På eit felles møte i Høyanger i 1976 slo dei to ”vestlandske-krinsane” i ytre og indre Sogn seg saman i ein krins under Vestlandske Indremisjon. I 1982 var tida mogen for den store samanslåinga mellom den Sogne-krinen som sokna til Vestlandske Indremisjon og den midtre som var tilslutta Det norsk lutherske Indremisjonsforbund. Ein valde i første omgang å gå varsamt fram med ei prøvetid på tre år før ein i 1985 våga seg på endeleg vedtak om samanslåing. Etter ei prøverøysting som viste at midtre-sogningane ville kome i mindretal med framlegget om å melde den store Sogne-krinsen inn i Det norsk lutherske Indremisjonsforbund, vart det ved endeleg avrøysting så godt som samrøystes vedteke at Sogn krins skulle meldast inn i Det Vestlandske Indremisjonsforbund.

Eigen barneheim og skule

Sjølv om misjonsfolket i Sogn har vore delt mellom Det norsk lutherske Indremisjonsforbund og Vestlandske Indremisjonsforbund, så har dei likevel stått samla om to viktige prosjekt: Sogn Barneheim som vart driven på Leikanger frå 1891 til 1974, og Sogn Ungdomsskule på Askelund i Balestrand som vart starta i 1936.
Misjonslaga i Sogn har gjeve ut lagsblada ”De lidendes Ven” og ”Sognevarden”.

MEIR OM SOGN OG FJORDANE FYLKE 
Sogn og Fjordane fylke
Fakta om Sogn og Fjordane

 
Fylkesordførarar og fylkesrådmenn
Milestolpar i Sogn og Fjordane fylkeskommune
Statlege institusjonar i Sogn og Fjordane

 
Lyd frå Sogn og Fjordane fylke
Video frå Sogn og Fjordane fylke
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no